STILLER OPP: Hugin Musikkforum har tradisjon for å stille opp til gode saker, og torsdag gjer dei det igjen. Bjørn Havro, Frank-Runar Øren, Kenneth Araneda Sandnes og Terje Svori, leiar i Hugin, blir alle å sjå denne kvelden. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
STILLER OPP: Hugin Musikkforum har tradisjon for å stille opp til gode saker, og torsdag gjer dei det igjen. Bjørn Havro, Frank-Runar Øren, Kenneth Araneda Sandnes og Terje Svori, leiar i Hugin, blir alle å sjå denne kvelden. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Rockar for å hjelpe flyktningane

I løpet av eit par veker har Hugin Musikkforum tromma saman til artistdugnad, der inntektene går til hjelp for flyktningane. 

Årdal: Det går knapt ein dag utan at flyktningsituasjonen i verda vert nemnd i media. Bilete av medmenneske som lir har sett i gang ein massiv trong blant folk til å hjelpe.

Også i lokalsamfunnet i Årdal er denn trongen å finna, og på etterspurnad frå Anne Margrete Hatlelid i Hero steller lokale musikarar i stand ein artistdugnad, der billettinntektene går til flyktningar som treng hjelp.

– Eg har sett desse sterke bileta som har vore på nyhendene, og eg treff desse menneska kvar dag på jobb. Eg følte eg ville bidra med noko for å støtta på den måten eg kunne. Så eg kontakta Hugin for å høyra om me kunne få til ein konsert.

Rikt program

Den førespurnaden kom førre helg, og komande torsdag blir det konsert i kulturhuset i Øvre Årdal. 

– Me bestemte oss for at dette var noko me ville vera med på. Det er TV-bilete som engasjerer. Å samla inn pengar og overføra desse til ein veldedig organisasjon er noko Hugin har moglegheit for å gjera, seier Terje Svori, leiar i Hugin.

Band som Blueslaget, Raaskinn, System of Six og STUV, samt ein haug med flinke artistar, blir å sjå i kulturhuset denne kvelden.

Lett å seia ja

Det er ikkje første gongen musikkmiljøet i Årdal stiller opp. Seinast før jul i fjor vart det laga til ein solidaritetskonsert for kreftsjuke Janne Cirotzki i Lærdal.

Les også: Spelte i solidaritet for Janne

– Det er enkelt å vera leiar og seia at me stiller opp fordi musikarar i Årdal har tradisjon for å vera med på slikt. Dei mønstrar alle som har ledig tid og ikkje skal på jobb, held Svori fram.

Takksam

Det set Hatlelid umåteleg stor pris på.

– Eg jobbar med flyktningar dagleg og har blitt kjend med mange frå Syria. Eg synest det er trist å sjå at born spesielt lir på grunn av oss vaksne. Det er heilt hjarteskjerande å sjå, seier ho.

– Difor er det heilt fantastisk at dei stiller opp. Det var ikkje nei å få hjå nokon, og det er over all forventning. All ære til Terje og resten av gjengn i Hugin. 

Les også: Dei som flyktar til Noreg

Også to klassar på Farnes ungdomssteg bidreg under konserten med sal av kaker og kaffi. Hatlelid har også vore i kontakt med næringslivet, som også bidreg med sitt og oppmodar dei som ønskjer å bidra med å overføra pengar til konto: 3705.29.86991. 

Pengane som vert samla inn går til Flyktninghjelpen. 

Til toppen