THE VOSSAREBELS: Eivind Dæmring Styve, Jakob Sjøtun, Sondre Hegg og Sondre Dæmring Styve. Pressefoto
THE VOSSAREBELS: Eivind Dæmring Styve, Jakob Sjøtun, Sondre Hegg og Sondre Dæmring Styve. Pressefoto

Rockar for unge i Lærdal, Årdal og Aurland

The Vossarebels har eitt mål. Å få folk til å skjøna kor bra rockebilly-musikken er. 

The Vossarebels snikrar sine eigne låtar og lever for musikken. Dei har gått heilt inn i rolla; dei kler seg som ekte rockebillys og har brylkrem i håret.  

ØVING TIL KONSERT: Birthe Neshagen (12) og Taavi-Topias Henell (11) i bandet The Black Pearls.
ØVING TIL KONSERT: Birthe Neshagen (12) og Taavi-Topias Henell (11) i bandet The Black Pearls.

Du hugser dei kanskje frå tv-skjermen i fjor. Då var dei med på Norske Talenter. 

Unge lærdøler varmar opp

Knut Olav Bjørketun Bøe, Birthe Neshagen, Taavi-Topias Henell og Gard Hunderi i bandet Black Pearls skal varme opp publikum for gutane frå Voss. 

The Black Pearls er resultatet av bandøvingane som Lærdal kulturskule nyleg har drege i gang. Til oppvarminga torsdag tek dei sikte på å lære inn endå ein ny rockeslager.

– Kva syns du om å få varme opp for vossingane?

NY SONG: Føre konserten skal enda ein ny song på plass. Her er bandmedlem Knut Olav Bjørketun Bøe.
NY SONG: Føre konserten skal enda ein ny song på plass. Her er bandmedlem Knut Olav Bjørketun Bøe.

 

– Det blir artig, seier Taavi under bandøvinga sist torsdag. Han held opp ei hand i vêret, som skjelv svakt.

– Eg gruar meg kanskje litt, konkluderer han. 

Solidaritet og samarbeid

Etter storbrannen i Lærdal i januar, tok Vossajazz i januar initiativ til ein solidaritetskonsert på Voss til støtte for Lærdal. Der fekk dei inn kring 50 000 kroner. 

I kjølvatnet av arrangementet på Voss, kjem no The Vossarebels for å spele for unge i Lærdal. 

– For resten av midlane, vil me lage ein musikalsk samarbeidsallianse mellom Voss og Lærdal, fortel Magne Grøttebø, rektor ved kulturskulen i Lærdal. 

Konserten torsdag 21. november er gratis for dei under 16 år frå Lærdal, Aurland og Årdal. Plassen det skjer er i kultursalen på Norsk Villakssenter i Lærdal. 

Til toppen