Rockar framleis – femti år etter den spede starten

Fox spelte for ein nesten fullsett kultursal i Lærdal onsdag kveld. Sjå fotogalleri og videosnuttar.

Lærdal: – Me har lagt oss litt ut. I dag hadde me nok ikkje fått plass på det biletet der, seier Ragnar Sanden og kiker opp på biletet av Fox anno 1967.

– Me har litt meir hår på brystkassa, då. Eller, me har gjerne byrja å mista det att, skyt Steinar Kvigne inn.

Om brysthåra har byrja å falla av, må karane likevel seiast å halda koken femti år etter den spede starten.

– Må de ha vatn de då, karar? Eg som er eldst treng ikkje, eg, jøglar Grøttebø mellom «Nowhere man» av Beatles og «As tears go by» av Rolling Stones.

– Nesten tilbake til gamle høgder

Fox starta opp i 1967, då beståande av nemnde Grøttebø, Kvigne og Sanden, pluss Odd Reidar Lysne og Gudmund Forthun – sistnemnde var også med under konserten onsdag.

Les historia her: Feirar femti år som Fox på Kom Heimatt

Det same gjaldt Ole Thomsen og Arne Moe Vindedal, som begge har spelt mykje i Fox gjennom dei femti åra som har godt. Siste og yngste tilskot i gjengen er Gudmund Bolstad Skjær, som stod for fleire gitarsoloar under konserten onsdag.  

Vokalist Grøttebø er godt nøgd med kvelden

– På slutten tykte eg nesten det var tilbake til gamle høgder. Me køyrde også lyden som i gamle dagar, rett ut på forsterkarane utan noko oppmikking.

– Kunne sikkert ha seld femti tusen til

Eit artig element under konserten onsdag var at dei nesten for kvar song kom med bilete av seg sjølve og frå Fox-konsertane som har vore opp gjennom desse femti åra så det heile vart ei reise gjennom Fox-historien.

Fleire bilete av sveitte ungdommar på dansegolvet i ungdomshusa i Lærdal eller Fjordstuen dukka opp.

– Det var nok nokon som kjende seg att. Absolutt, seier Grøttebø.

I tillegg til slagarar frå 60 – og 70 – talet – også kjende og kjære «Knockin` on heavens door» av Bob Dylan – kom etter kvart Fox sitt eige låtmateriale frå CD`en deira Fox i boks, utgjeven i 1996.

Sjå «Knockin` on heavens door» i videoen under

– Denne CD`en er ikkje mogleg å få tak i lengre. De kan alltids kjøpa dette coveret, men det er ingen CD i den, sa Grøttebø frå scena, og synte fram det tomme coveret.

– Det var også meininga; me trykte opp tusen eksemplar, og det var det. Sjølv om me sikkert kunne ha seld femti tusen til, heldt han fram.

Utan å overdriva, sjølvsagt.

Stjernespekka oppvarmingsband

Deretter fulgde eit knippe låtar frå «Fox i boks»: «Draumar» og «Alt som me trenge».

Sjå «Draumar» i videoen under

Før «Graota so eit barn» viste dei også fram bilete av eit oppvarmingsband dei hadde før ein konsert. Bandet heitte (sjølvsagt) Nox og bestod mellom andre av Karl Seglem, Reidar Skår, Geir Lysne og Yngve Moe – brukbare namn i eit oppvarmingsband.

– Dei hadde med seg tre kordamer frå Bergen, blant anna Kate Augestad. Men trøkken kom etter dei, sjølvsagt, sa Grøttebø frå scena.

Det store spørsmålet: Kjem Kvigne på motorsykkel på Kom Heimatt?

Trøkk lovar han også når Fox frar i gang Rockeshow i Kvammegården under Kom Heimatt fredag

  – Då blir det den musikken me spelte til dans tidlegare, me skal få til eit skikkeleg show på slutten. Me håpar folk kler seg ut i 60-70-tals klede. Alle aldrar må koma, om dei er vortne besteforeldre eller oldeforeldre.

– Eit fast innslag på Rockeshowet plar vel vera motorsykkel. Blir det det fredag også?

– Det får bli ei overrasking. Men viss han Steinar er klar, så skal du ikkje sjå vekk frå det.

Slik svarar Steinar Kvigne på utfordringa:

– Det har eg faktisk ikkje tenkt over. Men me er spontane, så dukkar eg opp bakpå ein motorsykkel, så gjer eg det. Fleire har tilbydd seg å stilla som sjåfør, for det er ikkje eg kvalifisert til – eg sit bakpå. 

Til toppen