NYTT ALBUM: Aurlendingane Arild Aardalen (t.v.) og Christer Bakke Andresen jobbar med det nye Keldian-albumet "Darkness and light" som kjem på hasutparten i år. Promofoto
NYTT ALBUM: Aurlendingane Arild Aardalen (t.v.) og Christer Bakke Andresen jobbar med det nye Keldian-albumet "Darkness and light" som kjem på hasutparten i år. Promofoto

Rockarane frå Aurland snart klare med nytt album

Dei spelar aldri konsertar og er kanskje ikkje veldig kjende for sogningar flest. Men hard rock-duoen i Keldian har eit breitt og stort publikum, og kjem til hausten ut med "Darkness and light", ti år etter debutalbumet.

Aurland: - Me lagar musikken fordi me tykkjer det er kjekt sjølve. Då me kom med første plata var utgangspunktet å laga hard rock i den stilen me likar, seier Christer Bakke Andresen. 

Han er halvparten av bandet "Keldian", som debuterte med albumet "Heaven`s gate" i 2007. Sidan har det kome to album til; "Journey of souls" året etter og "Outbound" i 2013.

Artikkelen held fram under biletet

DEBUTEN: Heaven`s gate kom i 2007. Cover: Spectral
DEBUTEN: Heaven`s gate kom i 2007. Cover: Spectral

Til hausten er det klart for fjerde plata frå aurlandsduoen: "Darkness and light".

- Nøyaktig når den kjem er ikkje heilt klart. Me har ei veke jobb på vokalen i juni, og då skulle det liggja an til at den kjem i september. Albumet blir tilgjengeleg på alle digitale plattformar, seier Bakke Andresen.

Trommis frå Vreid

Han må nærast kallast ein multimusikar, ettersom han står både for vokal, gitarane og bassen på låtane. Arild Aardalen spelar tangentane og står for produksjonen. Dei produserer og gir ut platene sjølve, med andre ord.

- Hadde ikkje Arild vore ein dyktig produsent, kunne me ikkje ha gjort dette. Så har me med oss andre dyktige folk. Svært viktig å nemna er at Jørn Holen spelar trommer på albumet, som han har gjort for Keldian tidlegare, seier Bakke Andresen.

Jørn Holen er trommis i noko tyngre og meir kjende Vreid frå Sogndal. 

For du har kanskje ikkje høyrt om Keldian? For så vidt ikkje så rart; dei gjer ikke all verda ut av seg. Ikkje spelar dei konsertar, og marknadsføring eller pressestunt for å nå ut til publikummet i og rundt heimbygda er rimeleg fråverande.

 - Me tenkte aldri over det då me starta Keldian, at me skulle selja oss inn heime. Eigentleg hadde me eit veldig egoistisk utgangspunkt; å laga metal me sjølve ville høyra på. Og nei, me spelar aldri live og kjem nok aldri til å gjera det. Men me spelar som regel inn musikken mellom fjord og fjell.

Har eit stort publikum

Mellom anna gjorde dei innspelingar i lydstudioet i Lærdal no i mars.

Men trass i at musikken står i fokus og marknadsføring er noko karane i Keldian verkar til å bry seg fint lite om; skal ein døma etter mest spelte song på Spotify er det få, om nokre, andre band i Indre Sogn som sler dei.

"The last frontier" frå "Journey of souls" er spelt heile 242 034 gonger i skrivande stund. Vreid har ikkje låtar som er spelt så mange gonger, det har heller ikkje "Lava", med opphav i Årdal. Så aurlendingane har eit breitt publikum.

Artikkelen held fram under biletet

POPULÆR: Låta "The last frontier" frå "Journey of souls" er spelt over 242 000 gonger på Spotify. Cover: Kim D. French
POPULÆR: Låta "The last frontier" frå "Journey of souls" er spelt over 242 000 gonger på Spotify. Cover: Kim D. French

Klassisk heavy metal, med innslag av prog og power

- Stilen vår er klassisk rock og musikk frå åttitalet er stort for oss. Låtane strekkjer seg frå ganske straight rock til meir progressive greier.

Skal ein samanlikna med dei store namna i metalverda kan ein nok seia nemnde "The last frontier" ligg i powermetalsjiktet, a la til dømes Hammerfall.

Dei på alle måtar store låtane til Keldian - det vil seia dei lange og mektige låtane med fleire varierte parti - kan nok minna meir om Iron Maiden, eller kanskje til og med det meir tilgjengelege låtmaterialet til Dream Theater. Nesten 12 minuttar lange "The silfen paths" frå "Outbound" kan nemnast som døme.

Artikkelen held fram under biletet

SCI-FI: Covera til alle albuma frå Keldian dreier rundt aurlendingane sin store fascinasjon for verdsrom og science fiction. Cover: Tryfonov
SCI-FI: Covera til alle albuma frå Keldian dreier rundt aurlendingane sin store fascinasjon for verdsrom og science fiction. Cover: Tryfonov

- Skal vera metal, men samstundes fengjande

- Korleis er låtane på "Darkness and light" i høve det de har laga før?

- Kanskje eit feigt svar, men det er mykje det same som før, men samstundes litt annleis. Eg trur kanskje at eg kan våga å seia at skiva nesten er litt meir popa. 

- Popa? De byrjar å bli kommerse i stilen?

- Hehe, nokre vil nok seia at dette ikkje er meir popa i det heile. Så det kjem nok litt an på øyra som høyrer. Det skal vera metal, men det skal vera fengande også. Elles har me ganske få låtar på albumet i høve kva me plar; på "Darkness and light" er det åtte låtar. Litt som albuma som kom på åttitalet. Men så kan det også nemnast at eine låta faktisk er enno lengre enn "The silfen paths".

Svært interesserte i science fiction

Eit særtrekk ved Keldian er at temaet astronomi går at på alle albuma deira.

- Me er veldig opptekne av science fiction, rett og slett - likar å synga om det som er der ute, eller kanskje er der ute.

- Kvifor slik fasciniasjon for science fiction?

- Det var eit godt spørsmål. Der kom eg ikkje opp med noko elegant svar på ståande fot, gitt. Men kva er det som ikkje er fascinerande med framtid og verdsrom?

- Går neppe fire år til neste plate

Medan Bakke Andresen bur i Trondheim, held Aardalen til heime i Aurland. Begge skriv låtar, og dei spelar inn mykje av materiale kvar for seg, som i neste omgang blir miksa saman.

Og det har gått ei stund mellom dei siste platene - frå "Journey of souls" til "Outbound" gjekk det fem år. No har det gått nye fire før "Darkness and light" kjem til hausten.

- Når me har laga eit album kan det vera godt å lata Keldian liggja ei stund. Me jobbar fullt og har mykje anna å driva med - og me lagar album for å ha det kjekt sjølve. Difor går det ei stund mellom albuma. Men når me først er i gang, går det unna. Og eg trur eg torer å seia at det ikkje går fire år til neste album att, det er eg nesten sikker på.

- "Darkness and light" har vore eit overskotsprosjekt med andre ord?

- Absolutt.

Til toppen