ROCKCAMP: I sommar kan ungdommar i Sogn hente ny inspirasjon til å drive med musikk når Hugin Musikkforum inviterer til RockCamp i Utladalen i Årdal. Øvst til venstre er Terje Svori, leiar i Hugin. Til høgre for han er Øyvind Aga, RockCamp General.
ROCKCAMP: I sommar kan ungdommar i Sogn hente ny inspirasjon til å drive med musikk når Hugin Musikkforum inviterer til RockCamp i Utladalen i Årdal. Øvst til venstre er Terje Svori, leiar i Hugin. Til høgre for han er Øyvind Aga, RockCamp General.

RockCamp er det nye musikktilbodet til unge rockarar

I sommar kan unge musikarar i Sogn hente ny inspirasjon og lærdom når Hugin Musikkforum inviterer til RockCamp. 

Årdal: I juni går nemleg historias første RockCamp av stabelen i Hugin sitt hovudkvarter i Utladalen i Årdal. I samarbeid med Utladalen Camping inviterer dei no ungdommar mellom 13 og 20 år til ei helg fylt med musikk og sosiale aktivitetar.

– Dette var ein idé me fekk for 5–6 år sidan minst, men aldri klart å setja ideen til livet. No berre bestemte me oss for at no må det skje, så me sette i gang og har fått inn gode instruktørar, seier Øyvind Aga, som er RockCamp General. 

– Sett frå Hugin si side, så er det bra å ha nokre prosjekt, men har ein for mykje, er det ikkje sikkert resultatet blir bra. Det har vore ting som har gjort at dette har blitt skyvd litt på, men i år var tida inne. Når Øyvind no bestemte seg, så stod styret klart til å køyre det i gang, seier Terje Svori, leiar i Hugin Musikkforum.

Godt miljø for camp

Helga skal handle om å spele musikk og skape gode opplevingar for ungdommar i Indre Sogn. No håpar dei på bra oppslutning om campen.

Hugin Musikkforum er blitt godt etablerte i lokalsamfunnet og står for fleire musikkarrangement i Årdal i løpet av eit år. Påskerock er opplagt, men dei samarbeider også med kommunen om å få til konsertar, og dei har til og med laga bok om musikkmiljøet i Årdal.

– Då skulle det nesten berre mangla at det var de som lagde til ein RockCamp også?

– Me synest det er naturleg at me er primus motor for å dra Indre Sogn vidare. Me er stolte over den lange historia me har innanfor musikkmiljøet her. Det er mange flinke frå kommunane rundt, men bandmiljøet her i Årdal er ganske unikt, seier Aga.

Inspirasjon for ungdommar

Med ein RockCamp håpar dei å inspirere ungdommar til i første omgang med å halde fram med musikk, men kanskje nye venskap kan bli til band som ein dag står på scena under Påskerock eller Målrock. 

– Målet er å skapa eit godt musikkmiljø, at folk skal halde fram med musikk, finna ny inspirasjon og nye bandkompisar. Det er mogleg det sit ein einsam bassist i Lærdal som er litt over gjennomsnittet interessert. Han kan finne likesinna her på RockCamp som kan gjere at han held fram med musikk, seier Svori. 

Eit godt døme er to av instruktørane. Inge Ronny Kvåle og Bjørn Tore Årøy kom begge til Årdal i si tid for å spela i band. Dei to skal undervise på høvesvis gitar og keyboard. I tillegg kjem bassist Odd Inge Rand, vokalist Odd Einar Nordheim og Alf Magne Hillestad, som spelar trommer.

Gode instruktørar

Til saman har dei årevis med erfaring – anten det er snakk om å spela på Påskerock, på direktesendt fjernsyn eller på andre sida av spakane i eit studio. 

– Me ville ha instruktørar som ungdommen føler dei kan lære noko av og kanskje ser litt opp til. Dette er berre dyktige folk som har spelt med store artistar. Me ønskte samstundes å halde på det litt lokale preget. Det må vere nokon ungdommane kan forholde seg til, som dei kanskje har sett før, forklarar Aga.

– Dei kjenner også til det å jobbe i studio, anten på framsida eller baksida av spakane eller begge delar. Difor kjem me til å undervise i det også. Alf Magne har mellom anna produsert plata til Staut, og der var han faktisk trekt fram i ei platemelding. Det er ikkje ofte produsentane blir det.

Skapar minne

Sjølve var dette noko begge sakna i oppveksten då dei var tenåringar. I 1996 fekk dei vere med på eit seminar med mellom anna Per Hillestad og Nils Einar Vinjor som instruktørar. 

– Det sette sine spor. Eg var 16 år og hadde nettopp fått mitt eige trommesett. Etter seminaret fekk me ei T-skjorte og trommestikkepar. Det levde me på lenge, seier Svori.

No kan han og Hugin Musikkforum skape dei same minna til dagens ungdommar. 

Til toppen