Sogndal: Rocketfarm satsar vidare internasjonalt i 2020 med fersk kapital i ryggen. Like før jul henta dei til saman 9 millionar kroner frå Fjord Invest og private investorar, og i midten av februar fekk dei 3 millionar i tilskot frå Innovasjon Norge.
– Samarbeidande robotar er ein marknad som er forventa å veksa mykje i åra som kjem, så me «gønnar på», seier dagleg leiar Egil Mundal.
Mundal seier at støtta frå Innovasjon Norge har vore vesentleg, både for å redusera risikoen med å skalera opp, og for å få musklar til å faktisk gjera det.
– Me takkar audmjukt for at dei trur på oss. Det har vore ein viktig bidragsytar til at me torer sjølve óg, seier han.
Positive svar i marknaden
Selskapet i Sogndal ønskjer å bli verdsleiande leverandør av dataprogram som gjer robotarmar til stableekspertar. Den internasjonale satsinga fekk luft under vingene i mars 2019, då selskapet lanserte eit dataprogram for palletering i Europa og USA.
Til no har dei landa avtalar med 24 forhandlarar rundt om i verda, medan målet var 10 i 2019.
– Me brukte fjoråret på å skaffa bevis på at dette er forretningsmessig smart å driva med. Det er framleis risiko involvert, men så langt ser det bra ut, seier Mundal.
Parallelt med den internasjonale satsinga har dei sett i gang eit prosjekt for å dyrka fram dei neste produkta som skal ut i marknaden.
– Me veks mykje, og har 4-5 stillingar utlyste no, så det er spanande tider, seier Mundal.