TILSKOT: Årdal Røde Kors har fått 60.000 kroner i tilskot frå UDI til aktivitetar til barn og unge på asylmottak. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
TILSKOT: Årdal Røde Kors har fått 60.000 kroner i tilskot frå UDI til aktivitetar til barn og unge på asylmottak. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 

Røde Kors får støtte til aktivitetar for asylmottak

Målet med tilskotsordninga er at born i norske asylmottak skal ha ein meiningsfull kvardag og ein så normalisert barndom som mogeleg innanfor rammene av eit asylmottak. 

Årdal: Sjølv om asylmottaket i Årdal skal leggjast ned innan utgangen av året, er det framleis tre månader att til å nytte dei 60.000 kronene som Røde Kors Årdal har fått i tilskot frå UDI.

I region vest kom det inn meir enn 60 søknader på totalt over 17 millionar kroner, men UDI hadde berre halvannan million til rådvelde å dele ut.

Her har altså lokallaget i Årdal vunne fram og fått eit tilskot på 60.000 kroner som skal nyttast til utflukt og bornas verdsdagar for å nemne noko. 

– Borna skal gjennom aktivitetane vera i fysisk aktivitet, tileigna seg ferdigheiter gjennom ulike aktivitetar, og få auka meistringskjensle.

– Tiltak som ikkje elles er tilgjengeleg for borna i nærmiljøet deira har blitt prioritert. Søknader om tiltak som bidrar til integrering i lokalsamfunna har også blitt prioritert, skriv UDI i ei pressemelding. 

Dette er det einaste tiltaket i Indre Sogn som har fått innvilga søknaden sin. Elles har IL Høyang fått 15.000 kroner i støtte. 

Til toppen