Måndag var det feiring av Røde Kors sitt 60-års jubileum. Leiar for organisasjonen i Årdal Patricia Seglem Lægreid har halde møte og føredrag under feiringa med totalt 21 medlemar på Klingenberg Hotel.
Det har vore 9 leiarar i Røde Kors opp gjennom tidene. Patricia Seglem Lægreid blei valgt som leiar på siste årsmøte og har no vore leiar i rundt eit halvt år.
Ønskjer fleire yngre medlemmar
– Kva aktivitetar driv dykk med i organisasjonen?
– Aktiviteten vår er at me er besøkstjenesten her i Årdal. Omlag 25-30 besøksvenner blir fordelt rundt og besøker heimar og institusjonar i Årdal. Me har og eit fint samarbeid med Hero, Årdal mottakssenter og Distriktskontoret. Me puslar på så godt me kan, seier Patricia.
Artikkelen held fram under biletet.

– Til saman er me 21 medlemar. Det har vore opp i mot 72 medlemar, så det er ikkje så verst. Me kunne gjerne tenkt oss nokre ungdommar og yngre medlemar og. Her er me berre eldre damer og menn i alderen 50 pluss.
Godt bidrag til støtte
– Kva planar har de for framtida?
– Me har no begynt å planlegga julemessa. Der må me vera ute i god tid fordi alt skal klaffa i hop. Julemessa er det arrangementet som gir oss mest inntekt i forhold til andre arrangement. Det er folk rundt om kring som bidreg med å strikka, sy og lagar til ting som me skal selja og lodda ut. Detta har me dreve med i ganske lang tid. Heilt sidan april, faktisk, fortel ho.

– Kva har gjort at det har halde seg gåande dessa 60 åra?
– Det er sjølvsagt interessa og gleda av å hjelpa andre. At me er saman med nokon som er eldre enn oss og som treng litt meir merksemd og tid som me har til overs, seier ho.
– Nokre høgdepunkt eller noko de syns har vore spennande?
– Me har sett voldsomt fram til dagen i dag sidan det er heile 60 år sidan organisasjonen her i Årdal vart oppretta. Me har feira med god mat og eit godt selskap med sang og nokre flotte talar, seier Patricia.
– Det er sett opp ein utstilling på kontoret vårt for dei som har anledning til å koma og sjå. Det er den same utstillinga som vart satt opp under Fjord til Fjell-helga. Me vil at så mange som mogleg kan koma og sjå den, avsluttar ho.