Olaug Søvde Berg held appell for Røde KOrs på SoFjo Pride 2019 i Førde.
Olaug Søvde Berg held appell for Røde KOrs på SoFjo Pride 2019 i Førde. (Foto: Henning A. Hellebust/Røde Kors)

MEININGAR

Røde Kors: – Pride for menneskeverd

For Røde Kors er det ein sjølvsagt ting å stilla opp under den fyrste Pride-markeringa i Sogn og Fjordane.

Sogn og Fjordane: – For oss i Røde Kors har det alltid vore sjølvsagt at du kan elske den du vil. Organisasjonen vår er styrt etter sju prinsipp, og eitt av dei viktigaste er humanitet. Det betyr at vi skal vere medmenneske, vi skal behandle alle bra og ta godt vare på kvarande. Alle er like mykje verdt, uansett kva seksuell legning ein har, seier Olaug Søvde Berg (17) i dette lesarinnlegget. 

Ho er tillitsvald i Sogn og Fjordane Røde Kors Ungdom, og sit i SoFjo-pride sitt styre som representant for organisasjonen. Under Pride-paraden på laurdag, skal ho halde appell.

1 av 5 utsett for hat-ytringar

– Det er mange som ikkje blir behandla som eit medmenneske ute i verda. Nokon blir forfølgde og føler frykt uansett kvar dei går. Dette skjer ikkje berre i andre land, men også her heime i Norge, seier Berg.

Minst ein av fem LHBT-personar (lesbiske, homofile, bifile og transpersonar) i Norge, seier dei har vore utsett for hat-ytringar siste året.

15 prosent har vore utsett for konkrete truslar. Det syner ein rapport Institutt for samfunnsforsking publiserte i vinter. I følge Likestillings- og diskrimineringsombodet, vert det stadig rapportert inn diskrimineringssaker av denne gruppa.

– Pride er her for å vise at du kan vere deg sjølv, at du ikkje skal vere redd for å vise deg fram. Ja, ingen andre kan vere deg, du er unik, seier Berg.

50 år sidan Pride

I år er det 50 år sidan Pride oppstod. Det skjedde då skeive såg seg leie av å bli trakassert av politiet for si legning, og reiste seg mot ordensmakta som ikkje let dei i fred på utestaden Stonewall Inn i New York.

Trass i at det er eit stykke att og gå før LHBT-personar er likestilte og aksepterte både her heime og ute i verda, har det skjedd mykje sidan Stonewall i 1969 og homofili vart lovleg i Norge i 1972.

– Mange land har gjort det meir akseptabelt å ha ulike seksuelle legningar og kjønnsidentitetar. Denne helga er også til for å feire for alt det som er oppnådd, og for å gje ein liten «boost» for vidare arbeid, seier ho.

– Kjærleik er kjærleik

– Bli med på Pride Sofjo på Festplassen i Førde og hyll kjærleiken og mangfaldet. Vi har kome langt, men vi kan komme så mykje lenger, og Pride er eit arrangement som tek oss eit steg vidare. Kjærleik er kjærleik.

Til toppen