BEREDSKAPSAVTALE: Sogndal kommune og Røde Kors har inngått ein beredskapsavtale. Foto: Halvor Farsund Storvik. 
BEREDSKAPSAVTALE: Sogndal kommune og Røde Kors har inngått ein beredskapsavtale. Foto: Halvor Farsund Storvik. 

Røde Kors signerte beredskapsavtale med kommunen

Over heile landet inngår kommunar og lokale Røde Kors-lag beredskapsavtalar. No er det blitt gjort i både Sogndal og Lærdal.

Sogndal: Avtalane vart signert under kommunestyremøta i dei to kommunane. Det er Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Røde Kors sentralt som har stått på for å få på plass slike avtalar.

– Dette betyr at me får koma inn i kriseleiinga. Avtalen betyr også at det vert ordna former i aksjonar, der alle veit kva dei skal gjere, seier leiar i Sogndal Røde Kors, Odd Rune Vikheim, som signerte avtalen med Sogndal kommune i førre veke.

– Ting kostar og skal organiserast. Med ein slik avtale har ein alt dette klart. Røde Kors sitt varemerke er så bra at alle har bruk for oss når det verkeleg skjer noko. Difor har det vore litt trykk på dette.

Også i Lærdal har kommunen og lokallaget inngått ein slik beredskapsavtale. Ved leiteaksjonar eller ekstreme vêrhendingar, er det ikkje uvanleg at Røde Kors bidreg med kompetanse og hender i kriseleiinga. No vert det enkelt og greitt orden på kven som skal gjere kva ved slike hendingar.

– Det er utgifter knytt til slike ting, og utan ein avtale, kven skal då betale? Alt dette og det som er knytt til ansvarsområde er no formalisert i ein avtale. 

Sogndal Røde Kors har rundt 60 aktive i hjelpekorpset og omtrent like mange i omsorgsdelen.

Til toppen