NY SAMLING: Kursing skal styrke vinterberedskapen i Sogn. Her frå tilsvarande samling i fjor. Foto: Foto: Sogn og Fjordane Røde Kors.
NY SAMLING: Kursing skal styrke vinterberedskapen i Sogn. Her frå tilsvarande samling i fjor. Foto: Foto: Sogn og Fjordane Røde Kors. (Foto: Sogn og Fjordane Røde Kors.)

Røde Kors styrkar vinterberedskapen i Sogn med kursing i fjellet

Til helga reiser førti hjelpekorpsarar frå Sogn til fjells for å få opplæring i søk og redning.

Luster: Deltakarane kjem frå Sogndal, Luster, Høyanger, Førde og Aurland. I tre dagar skal dei skjerpe både teori og praksis ved Sogn Skisenter på Hafslo.

Korpsleiar Ove Fortun i Luster Røde Kors Hjelpekorps er glad for at så mange ønskjer å lære seg grunnleggande vinterredning. 

– Det gjer at vi har mykje meir å spele på når det er trong for oss. Vi vert betre rusta til å ta krevjande oppdrag. Slik vert vinterberedskapen styrka, seier korpsleiaren i ei pressemelding.

VIKTIG RESSURS: Når uhellet først er ute er det viktig å ha både mange og dyktige hjelpekorpsarar å spele på. 
VIKTIG RESSURS: Når uhellet først er ute er det viktig å ha både mange og dyktige hjelpekorpsarar å spele på. 

Les også: Røde Kors feira sine 60 år
Les også: Fire øvingar for eldre i lite aktivitet

I 2015 oppretta Røde Kors ei skredgruppe i Indre Sogn for å vere betre rusta til å takle både det aukane aktivitetsnivået og den endra bruken av vinterfjellet. No jobbar dei vidare med å styrke grunnopplæringa.

Kurset byrjar med teoriundervisning fredag kveld på Gaupnetunet. Laurdagen vert det trening til fjells ved Sogn skisenter. Dette held fram søndag, då med ei felles øving med skredgruppa og representantar frå redningsetatane.

– Dette er staden  å vere for dei som likar å vere ute, samtidig som dei kan bidra med noko viktig for andre, seier Fortun.

Til toppen