RØDØLSTUNNELEN: Snart kan denne tunnelen opna.
RØDØLSTUNNELEN: Snart kan denne tunnelen opna. (Foto: Statens vegvesen/Arkiv)

Rødølstunnelen har gode sjansar for å opna i september

Det kjem fram i ei pressemelding frå Statens vegvesen.

Sogn: Driftsentreprenøren Mesta ferdigstiller elektroarbeidet i Rødølstunnelen til sommarferien. Testing og sikkerheitsgodkjenning kan då vere ferdig til vegopning i september.

MESTA: Mesta på jobb i tunnelen. Foto: Rune Hjelen/Statens vegvesen

Etter at Mesta fekk tilgang til Rødølstunnelen frå 4. mai, har dei sett seg inn i elektroarbeidet som Aldesa har utførd.

– Me har hatt ein effektiv prosess med å ta stilling til omfanget av opprettingsarbeid som må utførast, parallelt med at Mesta har starta både planlegging og utføring av arbeidet. Mesta vil i hovudsak vera ferdig med sitt arbeid tett opp til sommarferien, seier prosjektleiar Odd Erik Haugen i Statens vegvesen. 

Gode sjansar for å opna i september 

Etter det skal byggherre og vegtrafikksentralen (VTS) testa sikkerheitssystema i den 2 kilometer lange tunnelen, før vegdirektoratet kan gjennomføra sikkerheitsgodkjenningsprosessen.

– Mesta har levert ein god framdriftsplan, og sidan dei ikkje får full oversikt over elektroanlegget før arbeidet er godt i gang har dei naturlegvis lagt inn litt ekstra tid. Me har inntrykk av at denne planen er gjennomførbar, slik at det er gode sjansar for at tunnelen kan opna i september, seier Haugen.

Rødølstunnelen er del av veganlegget E16 Øye – Eidsbru, den siste delstrekninga på E16 Filefjell.

Til toppen