Så langt har det vore svært uvisst om det er mogleg å samle eit fleirtal for intensjonsavtalen om ei samanslåing med Hordaland og Sogn og Fjordane i fylkestinget i Rogaland. Mellom anna har Frp vore delt i synet på vestlandsregionen, men har no bestemt seg for å seie ja.
– Vi har ikkje hatt avstemming, men det hallar mot eit ja, seier fylkestingsrepresentant Pål Morten Borli (Frp) til Bergens Tidende.
Signala er òg positive frå fylkestingsgruppene til Ap og KrF, som saman med Frp har 26 av dei 42 representantane i fylkestinget.
Etter det avisa får opplyst frå Høgre, SV, Dei grøne, Sp og Venstre i Rogaland, tyder alt på at desse partia kjem til å stemme mot intensjonsavtalen om ein vestlandsregion.
Mens fylkespolitikarane i Hordaland vedtok å sende intensjonsavtalen på høyring førre veke, er det òg uvisst kor Sogn og Fjordane landar. Der får no fylkesordførar Jenny Følling (Sp) mykje motbør frå eige parti, som kan komme til å stemme mot fylkessamanslåinga. (©NPK)