NEI: Fylkesrådmann Trond Nerdal i Rogaland rår fylkespolitikarane til å seie nei til samanslåing med Hordaland og Sogn og Fjordane.​ Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune. 
NEI: Fylkesrådmann Trond Nerdal i Rogaland rår fylkespolitikarane til å seie nei til samanslåing med Hordaland og Sogn og Fjordane.​ Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune. 

Rogaland-rådmann går mot Vestlandsregion

Fylkesrådmann Trond Nerdal i Rogaland rår fylkespolitikarane til å seie nei til samanslåing med Hordaland og Sogn og Fjordane.

Rogaland: Storregionen er ikkje fagleg forsvarleg, skriv Nerdal i innstillinga si til fylkesutvalet.

«Fordi den framtidige oppgaveporteføljen for det regionale, folkevalgte nivået fortsatt er uavklart, vil det etter fylkesrådmannens vurdering ikke være faglig forsvarlig å foreta et valg av Rogalands framtidige plassering i en ny regionstruktur på nåværende tidspunkt», skriv fylkesrådmannen og ber politikarane seie nei til intensjonsavtalen om Vestlandsregionen.

Om politikarane vil følgje rådet frå Nerdal, er likevel uvisst. Så langt har det lege an til fleirtal i fylkestinget for storregionen, ifølgje NRK.

Tysdag vart det klart at fylkesrådmann Tore Eriksen i Sogn og Fjordane på si side tilrår at fjordfylket går inn i det planlagde storfylket. Han foreslår alternativt at Sogn og Fjordane går saman med Hordaland og eventuelt Møre og Romsdal viss Rogaland seier nei til intensjonsavtalen. Føresetnaden er at Sogn og Fjordane får tilsvarande ansvar for oppgåver og tenester som i den aktuelle avtalen.

I Hordaland gjekk fristen for å seie sitt i den opne høyringa om Vestalandsregionen ut først onsdag. (©NPK)

Til toppen