ROLEG: Norsk Folkehjelp i Årdal og Lærdal Røde Kors har heldigvis hatt ei roleg påske med få oppdrag. Arkivfoto: Norsk Folkehjelp Årdal.
ROLEG: Norsk Folkehjelp i Årdal og Lærdal Røde Kors har heldigvis hatt ei roleg påske med få oppdrag. Arkivfoto: Norsk Folkehjelp Årdal.

Roleg påske for hjelpemannskapa

Både Lærdal Røde Kors og Norsk Folkehjelp Årdal kan melde om ei roleg påske.

Årdal/Lærdal: Tradisjonen tru er påske tida der nordmenn trekk opp i høgda til fjellet og hytta. Ski, anten det er bortover eller nedover, og snøbrett er aktivitetar som står høgt på lista.

Slike aktivitetar fører også fort til skadar, men heldigvis kan hjelpemannskapa i både Lærdal og Årdal melde om ei roleg påske.

– Det har vore ganske roleg. Me hadde ein liten tur ut langfredag der me måtte stogga nokre spanjolar. Dei var ikkje heilt rusta for ein tur i fjellet, og det byrja å bli seint på kvelden, så me snakka med dei og oppmoda dei om å snu, seier leiar i Norsk Folkehjelp Årdal, Kjell Arne Solheim, til Porten.no.

Også i Lærdal har det vore eit og anna oppdrag, men elles har det gått stille føre seg.

– Påska har vore ekstremt roleg. Me har hatt éin aksjon, og det var den me hadde 1. påskedag, men det var ikkje store greiene. Dei sakna kom fort til rette. Elles har det vore stilt, seier operativ leiar i hjelpekorpset i Lærdal, Øyvind Aarethun Lysne. 

Bra vêr

At vêret ikkje vart så gale som først venta er ei viktig medverkande årsak til det, trur dei. Det hjelper også veldig at folk ser ut til å ta fjellet på alvor.

– Eg har inntrykk av at folk flest ikkje legg seg ut på store turar når vêret er dårleg. Då held dei seg inne og slappar heller av. Det er bra, seier Solheim.

Betydeleg snøskredfare i Jotunheimen

Påska vart riktig nok avslutta med dårleg vêr og mykje vind. Difor har Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) heva farenivået for snøskred til tre i Jotunheimen, eller betydeleg. Elles i Sogn ligg nivået på to.

– Sterk vind og nedbør gir auka skredfare. Unngå bratt terreng i høgda. I låglandet kan det gå naturleg utløyste våte skred, heiter det på varsom.no.

– Folk må ta førehandsreglar før dei skal ut og ferdast. Faren vil alltid vera der uansett nivå, men generelt sett er det viktig å vera varsam og ha det utstyret som krevst, samt følgjer med på vêrmeldingar, fortel Solheim.

Jobb i Sogn

Sjå alle stillingar

Til toppen