STEMNINGSFULL JULEMORO: Godt over 150 møtte fram i Skåri for julemoro tredje juledag. Foto: Privat
STEMNINGSFULL JULEMORO: Godt over 150 møtte fram i Skåri for julemoro tredje juledag. Foto: Privat

Romjulstreff i Skåri

Både store og små møtte fram då Utladalen Naturhus inviterte til stemningsfullt romjulstreff i Skåri.

Tredje juledag inviterte stiftinga Utladalen Naturhus i samarbeid med Barnas Turlag i Årdal til romjulstreff i Skåri.

Godt over 150 store og små møtte fram under Skåri for litt romjulsmoro, og med flott vêr, snø og skikkeleg julestemning låg alt til rette for ein hyggeleg kveld.

I Naturhuset låg alt til rette for fri leik, det vart fyrt opp bål både inne i grua og ute på bålplassen, og i utstillinga kunne borna få oppleve historieforteljing ved grua om korleis det var å leve i Skåri i gamledagar.

Hestane Frysing og Knerten kom også på besøk, noko som var stor stas både for to- og firbeinte. Hestane tok velviljug imot alle eple og gulrøter, kos og klapp som borna gjerne gav frå seg.

Snømannkonkurranse vart det også arrangert, og når kveldsmørkret senga seg under Skåri kunne ein sjå mange flotte variantar av snømannen Kalle.

SNØMANNEN KALLE: Snømannkonkurransen resulterte i mange flotte snømenn.
SNØMANNEN KALLE: Snømannkonkurransen resulterte i mange flotte snømenn.

Nøgde arrangørar
Det er fyste gong Utladalen Naturhus har arrangert romjulstreff, og når mange møter fram og vêrgudane spelar på same lag kan arrangørane vere godt nøgde.

– Styret i stiftinga hadde lyst å blåse litt meir liv i det fantastiske huset og området kringom, og arrangementet vart godt motteke når ein ser på talet på frammøtte, fortel Torunn Todal Laberg frå styret i Utladalen Naturhus.

Todal Laberg legg til at ho tykkjer det var ein veldig kjekk ettermiddag, og ho ser ikkje vekk frå at det vert arrangert fleire slike treff. 

Til toppen