SOGNDAL: – Eg har så mange kjensler i meg akkurat no. Det å koma tilbake slik etter så mykje skadetrøbbel er perfekt timing, seier Sogndalspelaren Jerome Akor Adams.
Det er berre to år sidan han herja med Rosenborg sitt G 19 lag og nærast åleine sikra Sogndal sitt første NM-gull for juniorar. Men dei siste to sesongane har ting gått litt meir trått, med mykje skadetrøbbel.

Rørt Adams vart hylla etter sigersmålet: – Det har vore ein "bumpy road"
Etter to sesongar prega av mykje skader, tok kjenslene overhånd for sigershelten Jerome Akor Adams etter kampen mot Ranheim.