PROTEST: Aksjonistar har strikka halsar og festa på trea i Hydroparken som ein protest mot at Hydroparken kan bli erstatta med eit næringsbygg. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
PROTEST: Aksjonistar har strikka halsar og festa på trea i Hydroparken som ein protest mot at Hydroparken kan bli erstatta med eit næringsbygg. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 

Rørt over stille protest

«Løftebrot er ikkje ok» og «lat Hydroparken vere park», er beskjeden frå aksjonistane. 

Årdal: Sandra Opheim (MDG) lot seg røre då ho besøkte Hydroparken søndag og fann trea ikledd heimestrikka halsar, som ein protest mot at parken kan bli erstatta med eit næringsbygg og måten Arbeidarpartiet har handtert den politiske avtalen med Miljøpartiet Dei Grøne.

– Eg må berre seia at det var fantastisk. Eg vart rørt fordi det var veldig vakkert i seg sjølv, og det var ei spesiell oppleving å gå tur der, seier Opheim.

RØRT: Sandra Opheim lot seg røre då ho oppdaga halsane søndag.
RØRT: Sandra Opheim lot seg røre då ho oppdaga halsane søndag.

– Det var mellom anna skrive ein hashtag om at løftebrot er ikkje ok. Det er rett og slett ein politisk protest på korleis Arbeidarpartiet har handtert saka. Det er rørande, og eg set stor pris på å få slik støtte.

– Viktig med engasjement

Førebels er det ingen som veit kven aksjonisten eller aksjonistane er. Truleg er halsane festa på trea i løpet nattetimane i helga. Dei er strikka i sterke fargar og er sydd rundt trea. På to av halsane er det festa lappar med emneknaggane #løftebroterikkjeok og #lathydroparkenverepark.

Ordførar og Arbeidarparti-politikar Arild Ingar Lægreid tykkjer det er heilt i orden at folk er engasjerte.

– At innbyggjarar er engasjerte i saker, er sjølvsagt heilt i orden. Det skal vera lovleg og er viktig. Ut over det har eg ingen kommentar, seier han.

Artikkelen held fram under biletet.

LØFTEBROT: På ein av halsane står det #løftebroterikkjeok.
LØFTEBROT: På ein av halsane står det #løftebroterikkjeok.

– Noko ein må leve med

Då Porten.no snakka med han, hadde han ikkje fått med seg påfunnet. 

– Kva tenkjer du om måten ditt parti har blitt oppfatta på i denne saka?

ENGASJEMENT: At folk let seg engasjere, tykkjer ordføraren er heilt i orden.
ENGASJEMENT: At folk let seg engasjere, tykkjer ordføraren er heilt i orden.

– Det er ikkje enkelt å seie noko om. Saker om plassering skapar ofte engasjement. Sånn er dette berre, og det må ein leva med. For meg er dette ei sak om ein aktør som ønskjer å koma til Årdal og etablera arbeidsplassar, mogleg kvinnelege arbeidsplassar. Ser ein på folketalsutviklinga, er det viktig å tilby særleg unge kvinner arbeid. Trenden i dag er at dei flyttar frå bygda, seier Lægreid.

Opheim er håpefull

Han vil ikkje spå kva utfallet i saka blir når ho skal opp til behandling i kommunestyret. Opheim derimot, er håpefull.

– Eg tykkjer det er heilt vilt å ofra den store plassen til endå eit kjøpesenter. Det er ingen ungar, ungdommar eller eldre som eg har snakka med som ønskjer dette, seier ho. 

Til toppen