Årdal: – Då me starta denne saka, var det demonstrasjonar utanfor. Allereie i 1999 då eg kom inn i politikken snakka me om denne saka. Det vart lagt fram mange rapportar til alternativ, men me vart aldri samde. Det klarte me i 2014, innleia Anne Kauppi (Ap) frå talarstolen torsdag.
Eigentleg skulle samlokaliseringa av helsetenestene koste 10,5 millionar kroner, men etter nærare undersøkingar såg ein at 14,9 millionar måtte til.
– Eg stod på talarstolen den gongen og sa at dei ikkje måtte bruke i krone meir. Det er jo heilt utruleg at dei har treft så bra, la ho til.
Sprekk på halv promille
Prosjektet har fått enormt med merksemd frå innbyggjarane og media, og undervegs gjekk ryktene om at prosjektet kom til å sprekke. Slik blei det ikkje. Det vil seia, ein liten sprekk på 7377,- vart det, noko som tilsvarar ein halv promille.
– Eg beklagar den vesle overskridinga på 7000 kroner, fleipa rådmann Olve Fossedal, som lova at han skulle vidarebringa rosen frå dei folkevalde til dei som har jobba med prosjektet, og ros var det mykje av.
- Les også: Omstridd helsehus er endeleg opna
Artikkelen held fram under biletet.

– Halleluja! Dette var ei vanskeleg og langdrygd sak som engasjerte folk i bygda. Me tapte saka fordi me ønskte å ha helsetenesta så nær folk som mogleg. Me var bekymra for kostnadene ved å oppgradere det gamle helsehuset. At det ville sprekka var me sikre på i kjølvatnet av det som skjedde, sa Ole Bjarne Hovland (Sp).
– Eg har ikkje sjekka byggjesaker i Årdal, men denne saka må vere unik etter å ha treft så godt. Eg vil retta ein stor takk til entreprenørar og dei tilsette i avdelingane. Det er mange som har dratt i rett retning slik at me fekk dette til raskt og med økonomisk god kontroll. På vegne av Senterpartiet vil eg også retta ein stor takk til Arne Kjos, som leia prosjektet, fortsatte han.
- Les også: Alt i rute med helsehuset
Artikkelen held fram under biletet.

Ros til prosjektleiaren
Kauppi la vekt på at det var nytta lokale kontraktørar i byggjinga, og trur ikkje det var tilfeldig at Kjos vart valt som prosjektleiar.
– Det har ikkje gått ut over kvalitet, og ein har heller fått inn meir enn det som var tiltenkt. Det er ikkje til å stikka under ein stol ein lokal prosjektleiar med hjartet i kommunen har vore bra for prosjektet.