STØTTE: Rosa og blå rundballar støttar i år forsking på brystkreft og prostatakreft. Foto: Felleskjøpet Agri.
STØTTE: Rosa og blå rundballar støttar i år forsking på brystkreft og prostatakreft. Foto: Felleskjøpet Agri.

Rosa og blå rundballar støttar kreftforskinga

Bønder som brukar rosa og blå rundballar i år støttar samstundes Brystkreftforeningen og Prostatakreftforeningen.

Sogn: Prosjektet med farga rundballar er eit samarbeid mellom plastprodusenten Trioplast, Felleskjøpet og norske bønder. Totalt blir bidraget til kreftforsking 600.000 kroner.

I fjor låg om lag 200.000 rosa rundballar på norske jorde over heile landet og bidrog til å rette søkjelyset på brystkreftsaka. Kampanjen bidrog med totalt 300.000,- til Brystkreftforeningen.

– Etter fjorårets suksess var det liten tvil om at kampanjen måtte gjentakast, og vi ønskte å leggje til eit nytt element. Valet fall på blå plast grunna etterspurnad frå bønder og positiv erfaring med tilsvarande kampanje i Sverige i 2016. Vi håpar sjølvsagt å sjå det same glødande engasjementet og støtta i år som i fjor, seier Jan Håvard Kingsrød i Felleskjøpet Agri i ei pressemelding.

Ti kroner per rull til forsking

Med ny farge vert bidraget til kreftforskinga dobla. Reknestykket er det same som i fjor der norske bønder, Trioplast og Felleskjøpet gir ti kroner kvar per kjøpte/selde rull med plast. Kampanjen er eit initiativ frå Felleskjøpet og må ikkje forvekslast med andre tiltak.

– Det er berre Felleskjøpet som sel farga rundballeplast til støtte for kreftforsking. I fjor opplevde vi ein etterspurnad langt utover opplaget vi bestilte. Med doblinga over heile linja i år håpar og trur eg vi kan dekke denne etterspurnaden og fange merksemda til endå fleire menneske, seier Kingsrød.

Farga rundballeplast har vore tilgjengeleg i mange år, med kvit, svart og grøn som dei mest vanlege fargane. Symbolbruken er opphavleg ein idé frå New Zealand der den globale plastleverandøren Trioplast lanserte rosa plast for første gong i 2015. Tilsvarande kampanjar er gjennomført i 17 forskjellige land, etter same mal.

(©NPK)

Til toppen