Rosenborg gav grisejuling

Rosenborg gav grisejuling

Rosenborg – Sogndal: 3-0

Heimelaget sette inn tre mål på seks minutt i andre omgang på Lerkendal stadion. Det første av Matthias Vilhjalmsson i 61. minutt, og to av Milan Jevtovic i 65. og 67. minutt.

For Sogndal enda det med tap og to gule kort. Eitt til Lars Christian Kjemhus og det andre til Johan Hove.

Var bra defensivt

Sportsleg leiar Håvard Flo seier til Porten.no at Rosenborg er effektive når dei har mulegheita, og det blir tungt når dei får inn tre mål på ein periode på ti minutt.

Rosenborg har mykje dødballar og hjørnespark.

– Men sånn generelt sett tykkjer vi at Sogndal står kampen bra defensivt veldig lenge, og hadde mange fine overgangar.

Det kostar energi og spele mot Rosenborg, avsluttar Flo.

Slik starta laget

Laget starta med Mathias Dyngeland - Taijo Teniste, Ulrik Fredriksen, Per Magnus Steiring, Lars Christian Kjemhus - Gilbert Koomson, Johan Hove, Eirik Birkelund, Chidiebere Nwakali, Eirik Schulze - Bendik Bye

På benken: Tarjei Omenås, Eirik Skaasheim, Henrik Furebotn, Fredrik Flo, Simen Brekkhus, Kristinn Jónsson, Walid Atta.

Til toppen