KLOKE: Sveinung Rotevatn (V) meiner ordførarane i den nye storkommunen i Sogn gjer lurt i å jobba ut frå dagens situasjon og ikkje gå og håpa på omkampar.
KLOKE: Sveinung Rotevatn (V) meiner ordførarane i den nye storkommunen i Sogn gjer lurt i å jobba ut frå dagens situasjon og ikkje gå og håpa på omkampar. (Bilde: Truls Grane Sylvarnes)

Stortingsvalet 2017

Rotevatn: – Klokt av den nye storkommunen i Sogn å sjå framover

Sveinung Rotevatn (V) kritiserer Senterpartiet for å skape splid i kommunesamanslåingsprosessen.

Sogndal: Det var NRK som i førre veke skreiv om stortingskandidaten til Venstre, som meiner Senterpartiet må ta litt av skulda når bygdesamfunn hamnar i full splid om kommunesamanslåing. I Jølster har debatten splitta kommunen.

I Sogn har det gått desto rolegare føre seg, iallfall utad, med tre ordførarar i Sogndal, Leikanger og Balestrand som har kommunisert at dei vil gjere det beste ut av situasjonen sjølv om dei i praksis er slått saman med tvang.

– Det er jo ganske fascinerande sidan det i Jølster er hindre prosent frivillig. Her var et ulikt syn i kommunane og Stortinget tok ei avgjerd. Det er eit lite paradoks, seier Rotevatn til Porten.no.

– Lokkar med rasering

Han meiner ordførarane i Sogn gjer klokt i å jobba fram ei løysing alle kan leve med i staden for å ta omkampar.

– Det har vore usemje om samanslåingane, og eg respekterer dei som er mot, men eg har også møtt motstandarar som er samd med meg i at når avgjerda først er tatt, så er det beste for alle at ein jobbar ut frå det og ikkje lever i eit håp om ein omkamp som kanskje skal koma. Då trur eg at ein aldri kjem vidare, seier han og kritiserer Senterpartiet for at dei lovar oppheving av vedtak til kommunar som er slått saman med tvang og ikkje ønskjer samanslåing.

– Eg opplever at Senterpartiet bevisst forsøker å lokka dei som har vore med med at dei skal rasere dette. For det første, det trur eg når me får sjå det, og for det andre, trur eg det ikkje er spesielt lurt fordi det skapar ufred og bygdesplid i kommunane. Det var mange ting Sp gjorde som eg ikkje var samd i, men eg sprang ikkje rundt i valkampen i 2013 og lovde å rasere alt dei hadde gjort, legg han til.

REAGERER: Liv Signe Navarsete (Sp) meiner det er Venstre som må ta skulda for å pressa fram kommunesamanslåingar.
REAGERER: Liv Signe Navarsete (Sp) meiner det er Venstre som må ta skulda for å pressa fram kommunesamanslåingar. Foto: Truls Grane Sylvarnes

Navarsete reagerer på kritikken

Liv Signe Navarsete (Sp) meiner på si side at det er Venstre som må ta skulda, sidan det er dei som har pressa slik på for å få gjennomført kommunesamanslåinga.

– Splittinga i Jølster kom då debatten om samanslåing kom og toppa seg då kommunestyret skulle gjera vedtak. Det burde Venstre ha føresett i ein kommune med to geografiske senter, der det eine kjenner seg lengre vekke enn det andre, byrjar ho.

– Men Venstre er jo det partiet som verkeleg har pressa denne reforma. Viss det var slik at Senterpartiet førte til splitting, ville det vore det andre stader også, men det er jo ikkje slik på Leikanger eller i Sogndal.

Navarsete peikar også på at ingen veit kva Leikanger vil finne på dersom Senterpartiet og Arbeidarpartiet vinn valet og vil reversere vedtak. 

– Leikanger vart slått saman med tvang, så eg tykkjer det er pussig at Sveinung Rotevatn skuldar oss for ikkje å ha respekt for lokaldemokratiet. Leikanger ønskte ikkje å bli samanslått, men er tvinga inn i dette av blant anna Venstre. Sveinung får gå meir inn i seg sjølv og vere litt meir prinsipiell i diskusjonen. 

Til toppen