LISTEKANDIDATAR: Alfred Bjørlo, Daniel Gangeskar,Trude Risnes, Jan Henrik Nygård, Gunhild Berge Stang, Sveinung Rotevatn, Anne Mette Hjelle og Thea Vie. Kurt Jevnaker og Marit Gjerstad er ikkje tilstades. Foto: Sogn og Fjordane Venstre.
LISTEKANDIDATAR: Alfred Bjørlo, Daniel Gangeskar,Trude Risnes, Jan Henrik Nygård, Gunhild Berge Stang, Sveinung Rotevatn, Anne Mette Hjelle og Thea Vie. Kurt Jevnaker og Marit Gjerstad er ikkje tilstades. Foto: Sogn og Fjordane Venstre.

Rotevatn på topp for Venstre

Kurt Jevnaker frå Årdal på ein sjuandeplass på lista. 

Sogn og Fjordane: Venstre si nominasjonsliste til valet neste år er klar. Då Sogn og Fjordane venstre var samla til nominasjonsmøte onsdag, blei det klart at Sveinung Rotevatn får halde fram på topp.

– Det har vore ei ære å representere fylket på Stortinget dei siste tre åra. Eg er motivert og klar for å halde fram innsatsen dersom veljarane vil gje meg fornya tillit neste haust, sa Rotevatn til nominasjonsmøtet, skriv fylkeslaget på si nettside.

Stortingsrepresentanten vart ikkje utfordra av andre kandidatar under møtet, og i takketalen sin la han vekt på dei store utfordringane landet vårt står overfor.

– Me skal tilpasse velferdsstaten ei aldrande befolkning, me skal integrere flyktningar på ein god måte, og me skal omstille oss frå ein oljeøkonomi til ein fornybarøkonomi. Då meiner eg me treng Venstre sine liberale og grøne løysingar. Og for fylket sin del er det rett og slett heilt avgjerande med eit sterkt Venstre på Stortinget, sa Rotevatn.

Venstre har i dag ni representantar på Stortinget, og Rotevatn er ein av desse.

På lista på ti finn ein også to representantar frå Sogn. Dette er Kurt Jevnaker frå Årdal og Trude Reisnes frå Leikanger. 

Til toppen