BEKYMRA: Sveinung Rotevatn (t.h.) er bekymra for den tiltakande bresmeltinga og at dette vil føra til mange tapte lokale arbeidsplassar innan turistnæringa - her er Rotevatn illustrativt nok saman med Steinar Bruheim i Jostedalen breførarlag.
BEKYMRA: Sveinung Rotevatn (t.h.) er bekymra for den tiltakande bresmeltinga og at dette vil føra til mange tapte lokale arbeidsplassar innan turistnæringa - her er Rotevatn illustrativt nok saman med Steinar Bruheim i Jostedalen breførarlag. (Bilde: Venstre)

Stortingsvalet 2017

Rotevatn skremd av bresmeltinga

Fylket sin fremste venstremann fryktar svært mange arbeidsplassar vil gå tapt i reiselivet i fylket om klimaendringane held fram i same takt. Samstundes meiner han Sp har teke over rolla som klimaversting for Frp

Luster: - Klimaendringane er gale nok i seg sjølv, men det har ei side som er svært alvorleg for lokalsamfunna våre. Det jobbar masse folk innan turistnæringa i til dømes Jostedalen og Briksdalen som ikkje har ein jobb å gå til lenger dersom Nigardsbreen og Briksdalsbreen forsvinn. Og dei vil dei gjera dersom bresmeltinga held fram med uforminska styrke.

Venstre sin 1. kandidat til Stortinget frå Sogn og Fjordane var denne veka på tur på Nigardsbreen i Jostedalen etter å ha vorte invitert av Jostedalen breførarlag.

Les også: Fryktar bresmeltinga kan øydeleggje for lokalt reiseliv

Rotevatn har vore guide på Briksdalsbreen mange somrar og fortel han er ekstra interessert i det som skjer med breane.

- Klimapolitikk er viktig distriktspolitikk

- Nigardsbreen trekte seg tilbake med sytti meter i fjor. Dei siste åra har den mista tretti meter i året i snitt. Det er ekstremt urovekkjande. I Storbritannia hadde dei med kanarifuglar i gruvene før i tida, og når dei ikkje song lenger var det eit mål på at det byrja å bli knapt med oksygen. Isbreane fungerer på same vis i høve kloden sin tilstand.

- Og kva vil Venstre gjera med dette?

- Me må gjennomføra eit betydeleg grønt skifte i økonomien; utskifting av bilparken, fleire ladepunkt, nedtrapping av olje- og gassutvinning - me må ganske enkelt nå  våre klimamål i Noreg, vår del av klimaavtalen i Paris. Det blir gjerne hevda at klimapolitikk er dårleg distrikspolitikk, men eg trur alle som jobbar i det veksande reiselivet ser at klimapolitiktkk er viktig distriktspolitikk.

Artikkelen held fram under biletet

POPULÆR: Kring 60 000 går på Nigardsbreen kvart år.
POPULÆR: Kring 60 000 går på Nigardsbreen kvart år. Bilde: Venstre

 

Klimabreiside mot Sp

- Korleis er det då å vera støtteparti for ei regjering med Frp, som tradisjonelt ikkje blir sett på som eit veldig klimavennleg parti?

- Å vera eit regjeringsparti har endra Frp ein del. Eg høyrde nyleg på Politisk kvarter der partileiar Siv Jensen fekk spørsmål om det var nokon som helst tvil om at klimaendringane var menneskeskapt slik dei såg det. Svaret var nei, og det var bra. Me har nok ein del ulike synspunkt i denne saka, Venstre og Frp, men me står saman om å gera eit tydeleg grønt skifte som inneber at klimagassutsleppa må vesentleg meir ned enn kva takten er i dag, sjølv om dei blir reduserte no også.

Langt på veg hevdar Rotevatn Senterpartiet har teke rolla som klimaverstingen blant stortingspartia.

- Venstre er viljuge til å auka avgiftene i høve bilkøyring, samstundes som Frp står på at det ikkje må bli dyrare å køyra bil. Me har klart å kombinera synspunkta ved å senka årsavgifta på bil, men samstrundes vri mot større bruk av meir miljøvennlege bilar. Og dei største kritikarane har ikkje vore Frp, men Senterpartiet når me har gått inn for dyrare drivstoff. Så eg opplever at motstanden er størst hjå Sp.

 

Artikkelen held fram under biletet

KRYYMPAR: Nigardsbreen har dei siste åra trekt seg tilbake med 30 meter årleg, og i fjor var det snakk om heile 70 meter, ifølgje Rotevatn
KRYYMPAR: Nigardsbreen har dei siste åra trekt seg tilbake med 30 meter årleg, og i fjor var det snakk om heile 70 meter, ifølgje Rotevatn Bilde: Venstre

- Eit meget elendig eksempel

1. kandidat for Senterpartiet til stortingsvalet frå Sogn og Fjordane, Liv Signe Navarsete, meiber Rotevatn bommar heilt

UEINIG: Fargen er grøn både for Liv Signe Navarsete og hennar Sp og Venstre, men kven som har den beste grøne politikken er dei to partia rivande ueinige om.
UEINIG: Fargen er grøn både for Liv Signe Navarsete og hennar Sp og Venstre, men kven som har den beste grøne politikken er dei to partia rivande ueinige om. Foto: Truls Grane Sylvarnes

- Har det at avgiftene er lægre ført til at me køyrer mindre i distriktet? Me må jo køyra for å koma frå A til B, for toga som Venstre er så glade i finst ikkje her. Det einaste høgare drivstoffavgifter gir er meir inn i statskassa som Frp kan bruka på skattelette. Og det fører til enno større utfordringar for norske transportselskap i ein allereie svært stram konkurransesituasjon med utanlandske firma. Så det var eit meget dårleg eksempel frå Venstre.

Navarsete meiner derimot Venstre burde ha stemt for Sp si "klimapakke".

- Vårt framlegg om eit investeringsselskap for grøn omstilling med startkapital på ti milliardar kroner stemde Venstre mot. Me har til dømes ikkje ei verdikjede på skog, fordi det må mykje kapital til for å få til dette. Staten stør oljeleiting, då meiner me Staten også bør stø andre former for energiutvinning. Venstre hadde oppnådd meir på klima om dei stod med oss, meiner eg.

- Det er ikkje første saka i denne valkampen at Venstre og Sp er rivande ueinige. Er ikkje det eit paradoks ettersom Venstre i si tid langt på veg var bøndene sitt parti, ei rolle Sp på sett og vis tok over?

- Det kan du seia. Men Venstre har dei siste tiåra gått gjennom eit hamskifte og vorte meir liberalistisk og sentralistisk. I mange saker oppfattar eg at dei står til høgre for Høgre. Frå vår side er likevel hovudfokuset vårt i valkampen å synleggjera at me er eit betre alternativ enn regjeringa.

Til toppen