PLUKK OPP SKITEN: Dersom du kjem over ein jervskit, plukk han opp med ein plastpose og send han inn. Det er oppmodinga frå Rovdata.​ Foto: SNO-Aurland, rovviltseksjonen​.
PLUKK OPP SKITEN: Dersom du kjem over ein jervskit, plukk han opp med ein plastpose og send han inn. Det er oppmodinga frå Rovdata.​ Foto: SNO-Aurland, rovviltseksjonen​.

Rovdata ber deg plukke opp jervskit

Dersom du kjem over ein jervskit, plukk han opp med ein plastpose og send han inn. Det er oppmodinga frå Rovdata.

Årdal/Lærdal: Rovdata ber folk hjelpe Statens naturoppsyn (SNO) med å kartleggje jerven i Skandinavia. Skit- og hårprøvar blir sendt til DNA-analyse og gir verdifull informasjon om jervbestanden.

– SNO gjer kvart år ein viktig jobb i innsamlinga av jervskit. Me håper i tillegg at publikum vil bidra i overvakinga av jerven i landet. Viss nokon kjem over ein jervskit, kan dei plukke han opp med ein plastpose og levere han til SNO, som sender vidare til oss i Rovdata. Metoden gjer det mogleg for oss å følgje individ over fleire år og overvake utviklinga og storleiken på flokken, seier Jonas Kindberg, leiar i  Rovdata.

Oppmodinga hans om å samle skit- og hårprøvar går til turgåarar, jegerar og andre interesserte. Innsamlingsperioden er frå 1. januar til 1. juni kvart år. Resultata av analysane blir publiserte mot slutten av året. (©NPK)

Til toppen