AKSJON: Med flammande bål frå nord til sør vil folk i distrikta signalisere til regjeringa at rovdyr truar ei rekke bygder. Foto: John Lambela/Statskog.
AKSJON: Med flammande bål frå nord til sør vil folk i distrikta signalisere til regjeringa at rovdyr truar ei rekke bygder. Foto: John Lambela/Statskog.

Rovdyraksjonar over heile landet

Med flammande bål frå nord til sør vil folk i distrikta signalisere til regjeringa at rovdyr truar ei rekke bygder.

Årdal/Lærdal: Auka rovdyrtrykk har skapt frustrasjon over store delar av landet, og organisasjonen Naturen for alle (NFA) startar no opprør, skriv Nationen. Med bål frå Lindesnes til Nordkapp vil aksjonistar «setje fyr» på heile landet og signalisere til regjeringa at rovdyr truar ei rekke distrikt.

Hovudbodskapen er at rovdyr må forvaltast lokalt på kommunenivå.

– Eit hovudbodskap er at rovdyr må forvaltast lokalt og på kommunenivå. Det er der kunnskapen og ikkje minst erfaringane finst, seier aksjonsleiar Harald Teig i NFA til Nationen.

Leiar i Vestre Trysil jakt- og fiskeforeining Karl Ludvik Gleditsch fortel at ulven har vorte stadig meir nærgåande, og at han tek hundar og skremmer folk.

Den 26. februar er den store aksjonsdagen. 320 kommunar har fått opprop, og alle som ønskjer det, kan delta. I ei rekke kommunar har lag, formingar og privatpersonar sett opp store vardar som skal tennast på fredagskvelden. (©NPK)

Til toppen