FLEIRE SPOR: Den siste veka har det vore fire observasjonar av jerv i Årdal, Luster og Røldal i Rogaland. Foto: arkiv.
FLEIRE SPOR: Den siste veka har det vore fire observasjonar av jerv i Årdal, Luster og Røldal i Rogaland. Foto: arkiv.

Rovviltnemnda krev ekstraordinært uttak av jerv

Fleire jerveobservasjonar gjer at bøndene er uroa før beitesesongen.

Årdal/Lærdal: Statens naturoppsyn har etter lisensjakta skote fire jervar på oppdrag frå Miljødirektoratet. Likevel manglar fire jervar for å fylle kvoten.

UROA: Leiar for rovviltnemnda i region 1, Aleksander Øren Heen, er uroa framfor beitesesongen.
UROA: Leiar for rovviltnemnda i region 1, Aleksander Øren Heen, er uroa framfor beitesesongen.

Aleksander Øren Heen, leiar i rovviltnemnda i region 1, er uroa før beitesesongen. Den siste veka har det nemleg vore fleire sporobservasjonar og ein synsobservasjon av jerv i området, tre i Årdal og Luster og ein i Røldal i Rogaland.

– Me krev difor at direktoratet gjev SNO i oppdrag å aktivt søkje spor og gjennomføre uttak i Indre Sogn og i Rogaland/Hordaland, skriv han i eit brev til Miljødirektoratet, organet som har ansvar for forvaltinga av jerven.

Til toppen