Konflikt:  Meiningane om jerv og rovdyr er så delte at ein ikkje kan organisera seg bort frå eit relativt høgt konfliktnivå, konkluderer NINA. Arkivfoto: SNO-Aurland, rovviltseksjonen
Konflikt:  Meiningane om jerv og rovdyr er så delte at ein ikkje kan organisera seg bort frå eit relativt høgt konfliktnivå, konkluderer NINA. Arkivfoto: SNO-Aurland, rovviltseksjonen (Foto: Statens Naturoppsyn)

Rovviltnemndene har ikkje verka konfliktdempande

Rovdyrkonflikten er så djup at ein nærast umogleg kan organisera seg vekk frå den, konkluderer fersk NINA-rapport. 

– Konflikten er den same. Ulike grupperingar vil bruka areala på ulike måtar. Slik er det. Så dette handlar om noko heilt anna enn organisering, seier Olve Krange, seniorforskar i NINA (Norsk institutt for naturforskning)

Åtte regionale rovviltnemnder vart oppretta gjennom St.meld. nr. 15 (2003-2004). Nemndene har ansvar for at bestandene av rovvilt vert halde på det nivået som Stortinget bestemmer. Eit av føremåla med nemndene var å dempa konflikten mellom beitenæringa og rovdyrforkjemparane: "Rovviltregioner med politisk oppnevnte rovviltnemnder ble etablert i et forsøk på å dempe konfliktene." heiter det i rapporten "Evaluering av regional rovviltforvaltning".

Blir sett på som ombodsmenn for beitenæringa  

Nemdene består av fylkespolitikarar og representantar frå Sametinget, der det er aktuelt. At politikarar er sett i ei rolle som forvaltarar blir omtala som eit paradoks i rapporten. Krange i NINA utdjupar:

–  I nemdene er politikarar sett til å driva med forvalting, altså å gjennomføra politikken Stortinget bestemmer. Politikarar er vande til å vera ombodsmenn, å tala ei sak. Difor ønskjer dei også større handlingsrom.

Og dette ønskjet om større handlingsrom tolkar rovdyrforkjemparane som eit forsøk på å tala beitenæringa si sak. Rapporten er mellom anna basert på intervju av medlemmane i nemnda: "Noen har forsøkt å utvide mandatet på egenhånd, ved å spille en aktiv politisk rolle. Denne «ulydigheten» har støtte i interessegrupper (for det meste næringene) som gjerne vil skyve politikken i samme retning som de mer politiserte nemdene prøver på, men blir sett på som illojal av interessegrupper (for det meste verneorganisasjonene) med motsatt syn."

- Må ryddast opp i ansvarsforhold

Aleksander Øren Heen frå Årdal er leiar av rovviltnemnda i sone 1, Vest-Norge, som Sogn og Fjordane altså ligg i. Han fortel at denne nemnda si rolle langt på veg er å vera ombodsmenn for beitenæringa.

– I vår sone er det mål om ikkje å ha yngling av rovdyr. Dette er sentrale retningslinjer, og vårt ansvar at blir gjennomført. Sånn sett kan eg jo forstå at rovdyrforkjemparane meiner me er på beitenæringa si side, men i vår region er det faktisk vår oppgåve.

Øren Heen legg heller ikkje skjul på at han gjerne skulle sett nemndene fekk meir makt. 

– Eit av dei andre måla med nemndene var lokal forvalting. Dette er berre delvis innfridd. Nemndene bestemmer i lisensjaktperioden, som for vår region betyr 10.september til 15 februar. Då er det lisensjakt på jerv. Resten av året ligg makta hjå Fylkesmannen og Miljødirektoratet. Her meiner me det må ryddast opp. Det er ikkje god forvalting å dela opp ansvaret mellom tre instansar gjennom året.

- Ikkje særnorsk

Rapporten kjem ikkje med nokon klar dom rundt kor vidt nemndene er vellukka eller mislukka, og vidare om dei bør bestå, omorganiserast eller erstattast. Eit forsiktig framlegg  er likevel å oppretta breitt samansette rådgjevande utval på sida av nemndene: "Det er lite trolig at et slikt grep vil redusere de samfunnsmessige konfliktene, men de kan bidra til at flere aktører kan gjøre seg gjeldende og oppleve at de blir hørt. Vi kan håpe på en viss harmonisering av perspektiver, og at nemndene faktisk begynner å se i nye retninger i sitt virke.", står det i rapporten.

Krange hjå NINA minner likevel om følgjande:

- Me trur gjerne desse rovdyrkonfliktane er særnorske, men det er dei på ingen måte. Fordi det handlar om ei sak med djupe motsetningsforhold.

Til toppen