(Foto: Arkiv)

Røykutvikling i køyretøy i Sogndal

– Det kom røyk frå den, men det er ikkje observert opne flammar, seier vaktleiar ved Alarmsentralen

Sogndal: Ved 12-tida meldte politiet om røykutvikling og mulig brann frå køyretøy ved Stedjevegen i Sogndal.

– Bilen står parkert like ved Shell-stasjonen. Det kom røyk frå den, men det er ikkje observert opne flammar. Det er heller ikkje fare for spreiing. Brannvesen er på staden, seier vaktleiar ved Alarmsentralen, Dan Inge Gjesdal.

Han fortel at politiet også er på veg. 

Ingen personar skal ha blitt skadd under hendinga, men bilen får ikkje køyre vidare og må på verkstad.

Me oppdaterer saka. Tips eller foto? Send til tips@porten.no eller ring 97546895. 

Til toppen