Lærdal: Politiet i Sogn og Fjordane opplyser om at brannvesenet som kom til staden har kontroll på situasjonen.
Ved alarmsentralen i Sogn og Fjordane kan dei fortelje at det truleg var lynnedslaga i natt som har ført til røykutviklinga.
– Det var nokre lynnedslag, men det er ikkje meldt om flammar i kraftverket, men mykje røyk. Difor måtte dei med røykdykkar med vifter og lufte vekk røyken.