Skjolden: Det er Dagens Næringsliv som skriv at investoren vil rive ned alt han har bygd opp i den vesle bygda i Luster kommune. Røysi har investert 250 millionar kroner i leiligheiter, hotell og cruiseskipkai.
Konflikten dreier seg mellom anna om at Røysi og Skjolden Cruisekai AS ønskte å byggja gondolbane og landingsplass for helikopter til turistane som besøker Skjolden.
Det har kommunen nekta han å gjere, noko fleire av innbyggjarane støttar han i. Cruiseturismen har tidlegare delt meiningane til innbyggjarane i to.
– Når du ikkje er velkomen ein stad, så ønskjer du å koma deg vekk. Dette er ei bedrift som går med voldsomme underskot, og eg kan bruka pengane på noko anna, seier han til Dagens Næringsliv.
– Eg synest det blir retta harde og etter vår vurdering urimelege skyts og skuldingar mot kommuneadministrasjonen. Det er etter vår vurdering urimeleg å leggja skylden på kommuneadministrasjonen, svarar rådmann Jarle Skartun.
Ifølgje Røysi sjølv kjem han ikkje til å ombestemme seg og opplyser at han er forhandlingar med Sogndal kommune om ein cruiseskip-kai her.