MELLOMBELS NEDLEGGJING: AD-bustadane blir nedlagde mellombels. Det blei klart på kommunestyremøtet torsdag. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
MELLOMBELS NEDLEGGJING: AD-bustadane blir nedlagde mellombels. Det blei klart på kommunestyremøtet torsdag. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Røysta for ei mellombels nedleggjing av AD-bustadane

Sparar 3,3 millionar kroner.

Som Porten.no skreiv tidlegare torsdag, kunne det bli aktuelt med ei mellombels nedleggjing av AD-bustadane i Øvre Årdal for å spara pengar.

Den planen er no sett til verks etter at saka vann fram på kommunestyremøtet torsdag. 

Som Porten.no skreiv tidlegare i dag, vurderte kommunen strukturendringar av tenester for å oppnå ei effektivisering innan helse og omsorg.

Ved å leggja ned AD-bustadane mellombels, vil kommunen no spara 3,3 millionar kroner.

Les òg: Vil spara millionar ved å leggja ned AD-bustadene

– Utgangspunktet er at me må redusera utgiftene i eldreomsorgen også. Då er dette alternativet me har landa på, sa kommunalsjef Rigmor Svanberg til Porten.no.

Senterpartiet støttar forslaget

På kommunestyremøtet fekk ho støtte frå fleire hold. 

– Dette er ei sak som kanskje kunne vore framstilt på ein litt meir pedagogisk rett måte. Å framstilla dette som ei nedleggjing er feil. Det er ei flytting av tilbod til andre bruk der det er kapasitet, sa Aleksander Øren Heen (Sp). 

Dette er ei sak som har vore på bordet tidlegare også. Då har Senterpartiet vore imot, men har no endra meining.

– Då har me vore imot fordi me ikkje har hatt det innhaldet som me har no. Eg føler meg trygg på at dei drøftingane som har vore i saka gjer at me har kome dit me er. Eg er trygg på at me ivaretar brukaren i denne saka, seier han.

Eldrerådet imot

Det er klagerett i saka, og det er venta det vil ta lang tid før alt blir klart. Ei avvikling vil innebera at kommunen får ein meir effektiv struktur av sjukeheimane. Samstundes vil det bli ein reduksjon på åtte langtidsplassar i sjukeheimen.

På den andre sidan kan talet på korttidsplassar på ÅBO aukast til ni utan auka bemanning og bruk av dobbeltrom. I prosessen blir seks årsverk kutta. 

Agnar Kvam, leiar i eldrerådet, uttalte til Porten.no at dei ikkje likte planane og meinte dette var uforsvarleg.

– Me spør oss sjølve om det er mogleg å få til dette utan at ein må ta i bruk dobbeltrom for langtidspasientar. Det er ein ting er svært lite begeistra for, sa han.

Må lytta til fagpersonell

Då det skulle røystast på kommunestyret torsdag, var det berre Høgre som røysta imot. Hilmar Høl (Ap) var éin av dei som tala for saka.

– I motsetnad til Høgre meiner me at me er nøydd til å lytta til fagpersonell. Me må lita på at dette blir eit godt tilbod. Her må me tilstreba oss den standarden at dette skal skje på ein skikkeleg måte, seier han.

Til toppen