SOLIDARITET: Musikalske sjeler frå Årdal og Lærdal var samla til kjenslefylt og strålande solidaritetskonsert for kreftsjuke Janne Cirotzki. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
SOLIDARITET: Musikalske sjeler frå Årdal og Lærdal var samla til kjenslefylt og strålande solidaritetskonsert for kreftsjuke Janne Cirotzki. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Runda ein million for Janne

Aksjonen "Ei god jul for Janne" har samla inn over ein million til livsforlengande medisin for kreftsjuke Janne Cirotzki.

Vesle julaften, etter litt under ein månad, melder aksjonsgruppa "Ei god jul for Janne" at det står over ein million på kontoen. Likevel er det fleire arrangement i romjula, som vil auke saldoen på innsamlingskontoen. 

SIKRA BEHANDLING: Janne Cirotzki kan no gå inn i jula med vissheit om at ho får behandling.
SIKRA BEHANDLING: Janne Cirotzki kan no gå inn i jula med vissheit om at ho får behandling.

Store og små

Aksjonsgruppa understrekar at alle bidrag har vore like viktige. Utan folks engasjement, hadde dei ikkje klart å samle inn nok pengar for å gi Janne Cirotzki frå Lærdal den medisinen ho treng.  

Innskota har kome i alle storleikar, frå 100 kroner frå privatpersonar til opptil 30 000  kroner frå bedrifter. Dei fleste kjem frå Sogn, men også personar frå andre delar av landet har delteke. 

I tillegg har lag og organisasjonar på eige initiav gjennomført lokale innsamlingar. Aksjonsgruppa sitt mål om ein million føre jul, har plutseleg vorte heile Sogn sitt mål. Aksjonsgruppa gir heider for alle bygdene i området og for at dei løftar i lag når det verkeleg gjeld. 

Tidligare i innsamlinga fortalde Bente Øien Hauge, i aksjonsgruppa "Ei god jul for Janne" til Porten.no at ho ikkje hadde venta det skulle gå så fort. 

– Det har vore ein tsunami av velvilje og initiativ fra folk, det var eg nok ikkje budd på, men det er ei stor og gledeleg overrasking, seier ho.

Fram til nyttår

Innsamlingsaksjonen blir avslutta 31. desember 2014. Likevel blir kontoen ståande, då det er ikkje heilt utenkeleg at aksjonsgruppa vil trenge påfyll

AKSJONSGRUPPA: Siv Enerstvedt (ikkje tilstades), Rolf Jerving (frå venstre), Lars Øyvind Vikesland, Bente Øien Hauge og Odd Helge Brugrand.
AKSJONSGRUPPA: Siv Enerstvedt (ikkje tilstades), Rolf Jerving (frå venstre), Lars Øyvind Vikesland, Bente Øien Hauge og Odd Helge Brugrand.

seinare. 

Aksjonskomiteen vil retta ei hjarteleg takk til dei som har bidrege til dette fantastiske resultatet.  De har alle gjeve julebodskapen eit litt djupare innhald dette året. 

Initiativ

Det var Sogn Avis som i slutten av november først fortalte historia om Janne Cirotzki.​ Ho har kreftsjukdomen metastatisk brystkreft, som ikkje kan lækjast. Preparatet Kadcyla kan forlenge og forbetre livet hennar, men helsevesenet vil ikkje betale for medisinen. 

Kort tid etter tok Aksjonsgruppa ”Ei god jul for Janne” over innsamlingsarbeidet, i samråd med familien.

Til toppen