TI ÅR: Nynorske litteraturdagar rundar ti år, og det blir feira med eit fullspekka program, som no er klart. Torunn Todal Laberg frå Årdal er prosjektleiar. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
TI ÅR: Nynorske litteraturdagar rundar ti år, og det blir feira med eit fullspekka program, som no er klart. Torunn Todal Laberg frå Årdal er prosjektleiar. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Rundar ti år med litteraturdagar

Årdøl i spissen for Nynorske litteraturdagane.

Aurland/Årdal: Torunn Todal Laberg er prosjektleiar for Nynorske litteraturdagane og kulturkoordinator i Nærøyfjorden verdsarvpark.

I år rundar litteraturdagane ti år, og programmet er no klart.

– Dette ønskjer me å markera med eit fantastisk godt program. Det er første gong Nærøyfjorden verdsarvpark står ansvarlege for administrasjon, planlegging og gjennomføring av arrangementet - og me har kasta oss over oppgåva med stor iver, skriv Laberg i ein e-post til Porten.no.

Programmet er fullspekka frå start til slutt den 30. oktober til 1. november. Blant anna kjem Atle Hansen, som var med for ti år sidan, tilbake til Aurland. I tillegg kjem Oddvar Torsheim og Finn Tokvam, samt laurdagskonsert med Åshild Mundal.

Til toppen