Luster: Han har rekorden frå før og i dag slo han nesten sin eigen rekord på ny. Rune Opem sprang Lustraløpet sine 10 kilometer på kjappe 31.05 minutt.
– Det har ikkje noko å seia at eg ikkje slo min eigen rekord, det er motiverande berra å greia det.
Han har sprunge løpet fleire gonger før og held rekorden frå tidlegare på 30.32 minutt, men ein prolaps i ryggen har gjort det utfordrande for han.
– Eg fekk prolaps i desember og men er nøgd med å springa no utan å ha vondt i ryggen. Det er motiverande å greia det.
Tøft å springa i varmen

I 28 varmegrader kan det vera utfordrande for kven som helst å springe.
– Sånne forhold gjer deg tørr i munnen og det er vanskeleg å pusta og det hadde ikkje gjort noko om det var litt kaldare, seier Opem. Det er vondt undervegs men når du kjem i mål og føler du har prestert bra så gløymer du at det var vondt.
Bøthun frå Fresvik vann spurtprisen
Lustraløpet har ein eigen spurtpris etter to kilometer.
– Det er på ein måte to løp i eitt for det er om å gjera å passera fyrst etter to kilometer, seier Dag Einar Bøthun, som tok turen frå Fresvik.

– Det var spurtprisen eg prøvde på for eg merka at formen ikkje var heilt god i dag, så i staden for å springa på halvgod tid tenkte eg prøva meg på spurten. Det var moro at eg greidde det, seier han.
– Kva er planen no?
– No får eg vel ned å ta meg ein dukkert.
Imponerande løp frå 13-åring
Mathea Moen imponerte dei frammøtte under løpet med å ta tredjeplassen blant damene og blei vinnar i klassen 12-14 år på tida 43.59.
– Blei eg?! Så moro, sa ho då ho høyrde det.
Likevel var det hardt for den unge løparen å springe i solsteiken.

– Det var heilt forferdeleg og kvart einaste minutt tenkte eg at eg skulle bryta heile løpet. Men eg har veldig stor viljestyrke og vil ha det sånn som eg vil. Då eg endeleg kom i mål tenkte eg på alle eg kanskje hadde slått og då var det ein fryd, seier ho.