STOPP: Etter 235 kilometer var det stopp for Rune Solheim grunna ein trøblete fot. Onkel Magne Knudsen fullfører på el-sykkel.
STOPP: Etter 235 kilometer var det stopp for Rune Solheim grunna ein trøblete fot. Onkel Magne Knudsen fullfører på el-sykkel. (Foto: Privat )

Rune Solheim måtte avbryta løpet på 331 kilometer: – Eg er skuffa

Det seier Solheim sjølv i ein Facebook-video han har delt.

Lærdal: Dagen starta godt for Solheim som i går la bak seg 100 kilometer på vegen frå Tønsberg til Lærdal, men no har legen sagt stopp.

– Rune kom til Robru og fekk trøbbel med eine foten, og kontakta lege der, fortel far Solheim til Porten.no. 

Han seier at psyke og kondis framleis var på topp, men at legen nekta Rune å springa lenger med foten. 

– No er humøret hans på botn, men det betrar seg vel, seier far Solheim. 

235 kilometer 

Dermed blei det 235 kilometer til fots i staden for 331, og Solheim skal følgja bubilen bror hans køyrer heim. 

– Så mange mil er ikkje verst likevel, seier far Solheim.

– Eg beklagar til alle eg har skuffa, men mest av alt er eg skuffa sjølv, seier Solheim i videoen han har lagt ut på Facebook. 

Der får han støttande kommentarar som seier tydeleg frå at han ikkje har skuffa nokon, og at det han har fullført er ei bragd. 

Til toppen