Rusa og utan førarkort 

Den unge mannen som vart sjekka av politiet i Lærdal i går kveld,  hadde litt å svara på.

Mannen var i slutten av tenåra, og køyrde motorsykkel midt i sentrum då han vart sjekka av politiet laurdag kveld.

Sjåføren var rusa, og vart teken med til blodprøvetaking. Den unge sjåføren  køyrde også utan gyldig førarkort.

Politiet har oppretta sak mot denne mannen, melder politet i Sogn og Fjordane.

Til toppen