SKRÅBLIKK: Dei to redaktørane Andreas Aannevik og Sander Øvstetun og resten av raudrussen gir deg sitt skråblikk på lokalsamfunnet gjennom russeavisa. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
SKRÅBLIKK: Dei to redaktørane Andreas Aannevik og Sander Øvstetun og resten av raudrussen gir deg sitt skråblikk på lokalsamfunnet gjennom russeavisa. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Russeavisa er her – dei gir sitt skråblikk på lokalsamfunnet

Hydroparken, statue av Aleksander Øren Heen i sentrum på Årdalstangen og pub-til-pub-runde. No er årets russeavis frå russen i Årdal her.

Årdal: «Snytt på nytt» er namnet på årets russeavis som no er å få tak i. Heilt sidan nyttår har dei elevane blant russen som tek media jobba timesvis med å få klar årets russeavis.

På framsida lokkar dei med titlar som «Gjer tangingane glade att», «Larvik vitjar Årdalshallen for storkamp» og «Bar til bar i Årdal».

– Me har prøvd å følgja litt med på dei politiske sakene som har vore i bygda den siste tida, som til dømes Hydroparken, fortel ein av redaktørane Andreas Annevik.

SNYTT PÅ NYTT: Slik ser årets russeavis ut. 
SNYTT PÅ NYTT: Slik ser årets russeavis ut. 

– Me prøver då å ta ting som er så alvorleg her i Årdal, sette det litt på spissen og ironisere litt rundt det, så kan folk lesa og innsjå kor dumt enkelte ting eigentleg er, legg den andre redaktøren Sander Øvstetun til. 

Flyttar Målrock til Øvre

Då blir ofte den litt banale Øvre-Tangen-diskusjonen fort eit tema, men russen kjem også med gode tips til den som vil testa utelivet.

– Me skriv mellom anna om korleis det blir på Årdalstangen i åra framover, der me tullar med at Målrock vert flytta til Øvre og kva me trur blir reaksjonane på det, fortel Øvstetun.

– Og så har me ein bar-til-bar-guide, der me forklarar kva som er viktig å få med seg – til dømes om du treng å ha med deg stol før du reiser ut, legg Aannevik til.

Mykje jobb sidan nyttår

Dei to redaktørane fortel at det har vore mykje jobb med avisa, der ein også kan lese ein presentasjon av russen og det dei held på med. Det er også vanleg at lærarane på skulen får sin heilt spesielle presentasjon som tek dei på kornet. 

– Sidan nyttår har me jobba med avisa kvar veke. Me er litt få som har media i år, så det har vore ein del arbeid og mange timar, så no er det deilig å koma i gang med salet, seier Øvstetun. 

Det er litt varierande kva russen vel å gjere kvart år. Til dømes har enkelte russekull revy. Det blir det ikkje år, og då skulle det berre mangla at dei held avistradisjonen i live, meiner dei to.

– Dessutan går pengane til ei god sak, og då må me gjera noko slik at me kan bidra med pengar også. I år går alt av overskotet vårt til Barnehjelp Afrika, fortel dei.

Læring

Sjølv om det tar tid å koma opp med ei god avis som fell i smak, er det også artig å jobba med eit slikt prosjekt. 

– Me har delt oss inn i grupper og alle har fått ulike arbeidsoppgåver. Det er mykje læring i dette for oss som går media, og i tillegg er det ein fin måte for russen å vere synleg i lokalsamfunnet og vise at me ikkje berre driv med tull, fortel dei og takkar alle sponsorar for bidraga som hjelpt til at avisa faktisk blir til.

Til toppen