GRATIS SJEKK: Statens vegvesen tilbyr også i år gratis kontroll av russebilar og russebussar. Foto: Reidun Øverland/Statens vegvesen.
GRATIS SJEKK: Statens vegvesen tilbyr også i år gratis kontroll av russebilar og russebussar. Foto: Reidun Øverland/Statens vegvesen.

Russen får gratis bilkontroll

Statens vegvesen tilbyr også i år gratis kontroll av russebilar og russebussar. 

Indre Sogn: – Me er opptekne av at russen skal ha ei sikker russetid, også på vegen. Me vil derfor kontrollere flest mogleg køyretøy for å sikre at dei er i god stand, seier senioringeniør Jannicke Sjøvold i Statens vegvesen.

Køyretøya som får grønt lys i kontrollen, vil få ein godkjent-oblat i vindauget. Då vil dei sleppe unna større tekniske kontrollar langs vegane i mai, opplyser Vegvesenet.

Russebussar har dei siste åra blitt meir og meir vanleg, og det kan vera vanskeleg å setja seg inn i regelverket når det gjeld ombygging av desse køyretøya. 

Det er ikkje berre bilen som skal vere i god stand. Også sjåføren skal ha dei rette kvalifikasjonane. 

– Me er kjend med tilfelle der russ har annonsert etter sjåførar og samstundes oppmuntra dei til å bryte reglane. Det er viktig å vere klar over at desse reglane er til for dykkar og andre sin tryggleik. Lat sjåføren få pause, ikkje ha fleire i bussen enn han er registrert til og ikkje forstyrr under køyring, seier rådgivar for trafikktryggleik Anne Margrethe Bøe.

(©NPK/Porten.no)

Til toppen