ALKOHOLNEKT: Reglane rundt medteken alkohol vil bli handheva strengare på russearrangement framover.
ALKOHOLNEKT: Reglane rundt medteken alkohol vil bli handheva strengare på russearrangement framover.

Russen får ikkje nyte medteken alkohol på russetreff

Hensikta er å hindre overstadig rus og uønskte hendingar.

NPK-NTB: Politidirektoratet har sendt ut nye retningslinjer, som skal sikre at reglane for alkoholbruk på offentleg stad blir handheva likt i alle politidistrikt.

Før russefeiringa i vår vart det avdekt at politidistrikta hadde ulike tilnærmingar til reglane i alkohollova om skjenkeløyve og drikking på offentleg stad, i møte med russefestival-arrangørar.

No har Helsedirektoratet presisert at tilstellingar som er opne for allmenta, og der det skal serverast eller nytast alkohol, er løyvepliktige. På slike arrangement skal gjester ikkje nyte medteken alkohol. Denne regelen gjeld på same måte for russetreff som for utestadar, opplyser direktoratet.

NRK skriv at innskjerpinga òg vil gjelda festivalcampar, der vanleg praksis har vore at konsertgjengarane har kunna nyte medbrakt.

For å sørgje for at russen ikkje tek med seg alkohol, opplyser Politidirektoratet at det på framtidige russearrangement med skjenkeløyve vil vere vakter til stades for å kontrollere kva som blir tatt med inn.

Politiet seier at bakgrunnen for satsinga på ansvarleg alkoholhandtering i utelivet mellom Helsedirektoratet, kommunen og politiet, er at forsking viser at det ofte er ein samanheng mellom alkohol og vald.

Til toppen