SAMARBEIDAR: Russen må ta vare på kvarandre og ikkje drikka for mykje, var oppfordringa frå politiet på russens dag i Sogndal onsdag. Frå venstre: Magne Straumstein, Helene Risnes Wolff, Margrete Molland Breisnes og Magnus Molland.
SAMARBEIDAR: Russen må ta vare på kvarandre og ikkje drikka for mykje, var oppfordringa frå politiet på russens dag i Sogndal onsdag. Frå venstre: Magne Straumstein, Helene Risnes Wolff, Margrete Molland Breisnes og Magnus Molland. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Russen fekk gode råd frå politiet før det brakar laus

Denne veka startar årets russefeiring for mange. I Sogndal var politiet på plass for å be dei ikkje gjera noko dei vil angra på seinare.

Sogndal: – Dei gir gode retningslinjer til heile russen og oppfordrar til ei trygg og god russetid, Det er flott, seier Helene Risnes Wolff, president for raudrussen i Sogndal.

– Det er veldig viktig at dei er her og at me får den informasjonen me får, seier Margrete Mollan Breisnes, president for svartrussen.

VIKTIG INFO: På russens dag fekk elevane òg høyra korleis dei skal sørga for vera trygge i trafikken av ein representant frå Statens vegvesen. Foto: Halvor Farsund Storvik

I Sogndal har sisteårselevane ved vidaregåande starta feiringa av at skuletida går mot slutten. På russens dag onsdag hadde dei invitert politiet til skulen no før det brakar laus.

– Me vil ha eit godt samarbeid med russen, og har gode erfaringar med å møta dei slik, og gje gode råd til dei. For me òg vil at dei skal få ei god russefeiring. Det er hovudmålet vårt, seier Magne Straumstein ved Sogndal lensmannskontor.

Han seier russen i Sogn stort sett oppfører seg bra. Det har vore nokre episodar med enkeltpersonar, men russen samla sett har dei sjeldan problem med.

– Slik har det vore i mange år, seier Straumstein.

To gode råd til russen

Dei to viktigaste råda til russen, meiner han er at dei må ta vare på kvarandre, og dei må unngå å bli altfor fulle.

– Mange av dei dumme tinga som blir gjort, dei skjer i samband med rus. Så eg vil oppmoda russen til å anten ikkje drikka, eller drikka med måte, slik at dei er i stand til å ta dei rette vala, seier politimannen.

Russepresidentane underslår ikkje at det kan bli noko alkoholinntak, men seier det langt frå er det viktigaste med tida dei går inn i. 

– For oss er det å viktigast å ha godt samhald, feira at me er ferdig med skulen og ha det kjekt i lag, seier Risnes Wolff.

– Eg har tru på årets russekull, seier Mollan Breisnes.

Til toppen