
Blant dei sedvanlege sketsjane, lærarparodiane, danse- og sangnummera, serverte sogndalsrussen i år eit innslag med ein litt høgare kjendisfaktor enn vanleg.
– Det er eigentleg ein ganske amatørmessig revy. Men det hevar standarden veldig når vi fekk Leo til å vere med, seier Ingrid Margareta Ahlin Søvde, ein av to revysjefar.
For mot slutten av førestillinga dukka nemleg Leo Ajkic opp på storskjermen. Best kjent som stuntreporter i NRK og mannen bak TV-programmet «Typen til». Denne gongen var det Marta Sofie Vange, rektor på Sogndal vidaregåande skule, som var invitert på date.
– Det var teke heilt på sparket, så eg fekk ikkje tid til å grua meg. Men det gjekk heilt greitt, han var ein grei kar å snakka med, seier rektor Marta Sofie Vange etter framsyninga.

Velluka date

I innslaget fekk publikum sjå Leo Ajkic i fri dressur på Sogndal vidaregåande. Mellom anna snoka han rundt på kontoret til rektoren, der han sørga for å sjekka søkehistorikken i nettlesaren hennar, før dei saman tok turen til den lokale kinarestauranten.
Ajkic kan vere ei handfull, sjølv for dei som er drevne i gamet, men rektor Vange angrar ikkje på at ho vart med.
– Nei då, eg tykkjer eg klarte meg fint, seier ho.
Sporty rektor
Revyjef nummer to, Regina Riiber, forklarer korleis det heile kom i stand.
– Leo var i Sogndal i samband med filmfestivalen. Då tenkte vi at vi berre måtte benytte sjansen. Det ville han gladeleg stille opp på og vart skikkeleg gira, seier Riiber.
– Han var veldig fornøgd med daten, eg trur han koste seg veldig. Det såg slik ut i allefall, seier Ingrid Margareta Ahlin Søvde.
Begge set pris på å ha ein rektor som er sporty nok til å stille opp.
– Det er utruleg flott. Ho har teke det på strak arm. Me er imponerte eigentleg, seier Ahlin Søvde.