FORTVILA: Vanja Thomassen Øren og Eirik Lågøen Øvstetun er begge ein del av russen i Årdal. I vasskrigane med barn og unge opplever dei no å bli kasta egg og matolje etter. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
FORTVILA: Vanja Thomassen Øren og Eirik Lågøen Øvstetun er begge ein del av russen i Årdal. I vasskrigane med barn og unge opplever dei no å bli kasta egg og matolje etter. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Russen fortvilar: – Ungar kastar egg og matolje etter oss

Det som skal vera ein månad lang vasskrig mellom russ og ungar, har for lengst gått over streken. No oppmodar dei foreldra om å ta ein prat med ungane sine.

Årdal: Det nærmar seg mai, og russen i Årdal har fått på seg russebuksene. Det vitnar om at nasjonaldagen nærmar seg, men buksene gjer også russen svært populære blant ungar, som anten er på jakt etter russekort, eller som vil ha vasskrig med russen.

Slike vasskrigar er vanleg, men no føler russen det er i ferd med å gå for langt.

– Me plar vere ute på ettermiddagane med vassflasker og vassgevær, men då opplever me at ungane står klare med egg og matolje for å ta oss. Dei spring etter bilane og kastar egg på bilane. Seinast i går stod dei klare med motorolje som dei ville kaste på oss, seier Vanja Thomassen Øren, som sit i russestyret.

På vegne av russen oppmodar ho og Eirik Lågøen Øvstetun foreldra om å ta ein prat med ungane sine. 

– Gatene er fulle av egg

– Me vert jo sett på som nokre tullingar fordi folk trur det er russen som kastar olje og egg. Gatene er jo fullt av egg som måkene eter, og det forstyrrar folk som er ute og går tur. Me får skulda, men det er ikkje russen som kastar dette, seier han.

Tidlegare år har russen vorte skulda for det same, men dei to er klare på at russen berre skal bruke vatn og ber dei som vil vere med på vasskrigen om å gjere det same.

– Vatn toler me. Det er me budde på, og det er ikkje noko problem. Me har også reglar innad i russen som er klare på dei som kastar anna enn vatn får halde på åleine, seier dei.

For støtte frå lensmann og FAU-leiaren

Russen har vore i kontakt med lensmann og skulen. Til Porten.no seier lensmann Magne Knudsen at han stiller seg bak oppmodinga.

– Det er ikkje anna å seie enn at foreldra må fortelja barna sine at dette må dei kutte ut med. Dei kan heller koke egga og ete dei. Dette er å kaste vekk mat, seier han.

Også leiar i FAU ved Farnes skule, Vigdis Lio, er samd og kallar det heile for «griseri». Samstundes understrekar ho at det er ein balanse.

– I utgangspunktet er ikkje dette greitt, men dette er ei balansert sak fordi dei yngste ungane er litt utrygge på russen. Det gjerne dei litt eldre ungane som tykkjer det er moro, seier ho. 

Til toppen