SAMLAR INN PENGAR: Onsdag kjem Emma Øren, Kaia Nygård, Vegard Aafedt Bukve og Vanja Thomassen Øren og resten av russen i Årdal heim til deg for å samle inn pengar til Kreftforeningen sitt arbeid. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
SAMLAR INN PENGAR: Onsdag kjem Emma Øren, Kaia Nygård, Vegard Aafedt Bukve og Vanja Thomassen Øren og resten av russen i Årdal heim til deg for å samle inn pengar til Kreftforeningen sitt arbeid. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Russen gjer eit krafttak for dei med uhelbredeleg kreft

Kvar dag får om lag 90 menneske i Noreg beskjed om at dei har kreft – nokre av desse uhelbredeleg kreft. I år samlar russen inn pengar for å gi desse fleire gode med best mogleg livskvalitet.

Årdal: I Årdal er onsdag den store dagen for innsamlinga. Då vil alle som er russ i Årdal gå frå dør til dør for å samle inn pengar til den årlege aksjonen til Kreftforeningen.

Dette er det tolvte året med aksjonen «Krafttak mot kreft», og det er blitt ein tradisjon at russen i Årdal set av ein ettermiddag i russetida til å samle inn pengar.

– Me fekk tilbodet frå Kreftforeningen, og tidlegare år har alle som er russ delteke. I år går pengane me samlar inn til menneske med uhelbredeleg kreft, fortel russepresidenten Vegard Aafedt Bukve.

– Noko dei fleste opplever

I dag overlever 7 av 10 som går kreft, men framleis er det nokon som får den tunge beskjeden om at dei ikkje vil bli friske. 

For desse finst det ikkje behandling som helbredar sjukdommen, men det finst behandling som kan forlenge livet og lindre smerten.

– Kreft er noko dei aller fleste av oss opplever på ein eller annan måte. At me kan bidra til at folk får eit betre liv med kreft, er ein stor motivasjon, seier Vanja Thomassen Øren, som sit i russestyret.

Kan bruke Vipps

Onsdag kjem ho og resten av russen i Årdal på døra di. Dei startar å gå rundt 17.00.

– Og for dei som ikkje har kontantar eller er heime, så er det mogleg å vippse pengar til nummeret 451021. Me har fått vårt eige nummer slik at dersom ein vippsar hit, vert det registrert til oss, seier Bukve.

Og det er sjølvsagt viktig. For som vanleg er målet å samle inn endå meir pengar enn kullet i fjor.

– Det er sjølvsagt målet, smiler dei.

Til toppen