FRÅ VENSTRE: Heidi Urnes, Trond Kråvik, Rikard Tetlie Bekkvik og Grethe Elisabeth Gjøra.
FRÅ VENSTRE: Heidi Urnes, Trond Kråvik, Rikard Tetlie Bekkvik og Grethe Elisabeth Gjøra. (Foto:  Gunn Berit Bøthun)

Russen i Balestrand donerte millionbeløp

Det var millionglis i Balestrand laurdag når elevane ved Sygna vidaregåande skule overrekte sjekken til Norsk Luthersk Misjonssamband.

Balestrand: Mesteparten av pengane skal gå til eit misjonsprosjekt i Etiopia i regi av Norsk Luthersk Misjonssamband. Det kjem fram i ei pressemelding. 

– Prosjektet går i korte trekk ut på å redusere dødstala blant mødre og barn og få til ei positiv samfunnsutvikling i det afrikanske landet, seier Rikard Tetlie Bekkvik og Grethe Elisabeth Gjøra, som er prosjektansvarlege for russen.

Tidenes feitaste Sygna-sjekk

I fjor samla elevane ved den vidaregåande skulen i Balestrand inn 784.000 kroner, og dei fleste hadde rekna med at den rekorden fekk leva lenge.

Eitt år skulle det altså gå før eit nytt kapittel måtte skrivast med store bokstavar.

Laurdag kunne duoen og resten av avgangselevane overrekkja tidenes feitaste Sygna-sjekk til Norsk Luthersk Misjonssamband.

– Me veit at desse pengane kjem godt med, og vil gjere kvardagen litt lysare for mange som treng hjelp, seier Bekkvik og Gjøra.

Til toppen