STOR SJEKK: Per Hilleren i NLM mottek sjekken frå sygnaelevane Grete Helland, Ingrid Friborg og Emilie Bakke Aamodt.
STOR SJEKK: Per Hilleren i NLM mottek sjekken frå sygnaelevane Grete Helland, Ingrid Friborg og Emilie Bakke Aamodt. (Foto: Eva Bente Ohma)

Sjekk den sjekken: – Hadde ikkje forventa så mykje

Få kan innsamslingsaksjonar som sygnarussen i Balestrand. I år gir dei 780.000 til ungar og funksjonshemma i Kina.

Balestrand: Russen på Sygna vidaregåande skule i Balestrand har samla inn imponerande 780.000 kroner til barn og funksjonshemma i Kina. På avslutningsfesten overleverte dei sjekken til Per Hilleren i regionsstyret til Norsk Luthersk Misjonssamband.

UVENTA: Elev Sterre Vaartjes frå Feios vart sjølv overraska over summen dei greidde å samla inn. Foto: Gunn Berit Bøthun

– Eg hadde ikkje forventa at me skulle få inn så mykje, seier avgangselev Sterre Vaartjes frå Feios.

Dei gløymte ungane

I Kina blir eitt av fem barn forlatne av foreldra sine, i sum omlag 60 millionar barn. Dei fleste blir igjen på landsbygda fordi foreldra må reisa inn til storbyane for å få seg arbeid. Ungane kan ikkje bli med til byen fordi rettane til for eksempel skulegang og helse er knytt til heimstaden.

Norsk Luthersk Misjonssamband jobbar for å betra kvardagen til dei etterlatne ungane, mellom anna gjennom International Child Development Program.

– Kina er eit stort industriland, så det er fort å tenka må passa på sine eigne. Men det er mange som har det ekstremt dårleg. At me tek ansvar for dei, synst eg er veldig bra, seier Vaartjes.

Ikkje berre fagkunnskap som tel

I tillegg til dei etterlatne ungane, ønskjer russen å hjelpa barn og vaksne med funksjonshemming. Berre i Kina er det nesten 100 millionar menneske som har ei eller anna form for funksjonshemming og mange av desse vert gøymt vekk og sett ned på i samfunnet.

Pengane frå russen vil òg gå til drift av eit dagsenter. Her får barn og vaksne høyra at dei har verdi og dei kan få jobba med engelsk, synga, rekna eller skriva kinesiske teikn. For mange er dette tilbodet det einaste aktivitetstilbodet dei har.

GÅVMILDE: Kvar elev samla inn i snitt rundt 19.000 kroner.  Foto: Eva Bente Ohma

– Me veit at russekullet har fått med seg mykje fagleg kunnskap gjennom tida på Sygna, men me håper òg at dei tek med seg engasjementet for andre menneske vidare i livet, seier rektor Knut Heng.

Innbringande misjonsløp

Summen dei har fått inn er mildt sagt imponerande, men ikkje rekordstor. Sygnarussen er nemleg kjend for å vera innsamlingsekspertar.

Vaartjes seier dei går fram på ulike måtar, men at det mest innbringande er det årlege misjonsløpet deira på våren.  

– Kvar person som spring, brukar månadane i forkant av løpet til å samla inn sponsorar. Me spring rundt ei bane i halvannan time, og får anten pengar for kvar runde eller eit fast beløp, seier ho.

Til toppen