GÅVMILDE: Glenn Tony Lie (t.v.) og Mathias Hansen for russestyret i Årdal, som nyss har tømt kontoen for MR-maskina. Foto: Ole Ramshus Sælthun
GÅVMILDE: Glenn Tony Lie (t.v.) og Mathias Hansen for russestyret i Årdal, som nyss har tømt kontoen for MR-maskina. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Russestyret tømmer kontoen og gir alt til MR-maskina 

..og to privatpersonar på Borgund har gitt 100 000 kroner. I tillegg donerte alle tre laga på pallen under Kom Heimatt-konkurransen pengepremiane sine til MR. Lærdal Røde Kors gir dessutan 30 000 kroner.

Årdal/Lærdal: – Me kjem til å overføra resten av beløpet på kontoen russestyret har til MR-maskina i Lærdal. Det er snakk om cirka 21 000 kroner. Dette fordi me meiner det er bra for lokalsamfunnet, seier Glenn Tony Lie i russetyret i Årdal.

Stadig nye bidragsytarar med rause gåver kjem til; Åge Årdal og Anna Tråve på Borgund har tidlegare gitt 100 000 kroner til MR-maskin ved Lærdal sjukehus. Og Lærdal Røde Kors overførde nyleg ein god slump til MR-kontoen:

– Lærdal Røde Kors (med undergruppene Besøksvenene og Hjelpekorpset) har vedteke å gje 30 000 kr i støtte til MR-maskina på Lærdal sjukehus.  Dette er ei svært viktig sak for lokalsjukehuset vårt, og me utfordrar andre lag og organisasjonar i bygda til å gje støtte om dei kan, opplyser Monika Lysne i Lærdal Røde Kors.

9500 kroner frå vinnarlaga

Også dei tre laga som hamna på pallen under helgas Kom Heimatt i Lærdal beståande av quiz og bilrebus var rause:

5000 KR: "Aldri meir vol. 2" vann konkurransen under årets Kom Heimatt og donerte heile pengepremien til MR. Dei fem på laget var Idun Aasen (f.v.), Live Blikra, Signe Rode Rio, Sigrid Kristina Rio og Gro Starheimsæter. Privat foto
5000 KR: "Aldri meir vol. 2" vann konkurransen under årets Kom Heimatt og donerte heile pengepremien til MR. Dei fem på laget var Idun Aasen (f.v.), Live Blikra, Signe Rode Rio, Sigrid Kristina Rio og Gro Starheimsæter. Privat foto

– Me hadde diskutert det litt på førehand, og det var eigentleg eit enkelt val. Sjølv jobbar eg på sjukehus i Bergen og veit kor viktig ei slik maskin er, så det er min personlege innfallsvinkel. Og alle er jo opptekne av å styrka lokalsjukehuset, så då donerer me gjerne det me vann. Vandrepokalen er meir enn nok for oss, seier Idun Aasen.

Ho var med på laget "Aldri meir Vol. 2" som vann konkurransen. Pengepremien på 5000 kroner går altså inn på MR-kontoen, det same gjer premien til laget på 2.plass "Pao tre hjul" på 3000 kroner og 1500 kroner frå laget som kapra den siste pallplassen, "Me vann i fjor".

– Veit me blir gamle, me også

Når det gjeld dei 21 000 kronene frå russen i Årdal forklarar Mathias Hansen i russestyret korleis dei har fått inn desse pengane:

– Årdalsrussen har som tradisjon å gje av ein innsamlingsaksjon og overskot av sal av russeavisa til veldedige formål, i år gjekk dette til Kreftforeningen. Så kjem dette i tillegg; me har hatt ein konto alle russane betalar inn på for å dekka ymse utgifter. Denne står det altså att om lag 21 000 kroner på, og i staden for å betala ut att ein liten slump til alle, går alt til MR-maskina.

Les også: Årdalsrussen starta russetida med Krafttak mot kreft

– De er jo unge og kanskje ikkje dei som tenkjer mest på behovet for ei MR-maskin – kvifor er dette då så viktig for dykk?

– Me veit jo at me blir eldre etter kvart, me også. Dessutan er ei slik maskin viktig for arbeidsplassane i lokalsamfunnet, og det er svært aktuelt både for vår aldersgruppe og alle andre, seier Glenn Tony Lie.   

Til toppen