SOMME AV DEI SOM SKAL GÅ MED BØSSE PÅ TORSDAG: Frå venstre: Synne Hunshammer Haug, Jakob Hovland Øren, Trine Lomheim, Sondre Øvregard, Martine Låksrud Øyre og Jon Atle Rise.
SOMME AV DEI SOM SKAL GÅ MED BØSSE PÅ TORSDAG: Frå venstre: Synne Hunshammer Haug, Jakob Hovland Øren, Trine Lomheim, Sondre Øvregard, Martine Låksrud Øyre og Jon Atle Rise. ( )

– Russetida er ei tid med mykje moro, men me ynskjer òg å gje noko attende til samfunnet

Russen i Årdal skal gjera ein innsats på torsdag for å støtta kreftsaka. 

Årdal: – Det handlar om å gjera noko for samfunnet òg, seier Jon Atle Rise, som går siste året på automasjonslina på Årdal vidaregåande skule. Han er aksjonsleiaren til årdalsrussen for dette tiltaket. 

Det har vorte ein tradisjon i Noreg at russen gjer eit krafttak mot kreft, og tradisjonen står særskilt sterkt i Årdal. 

Snart kjem det to på døra

Russen i Årdal kjem rundt på dørene til alle i Årdal alt på torsdag kveld, to til tre veker før mange av dei andre vidaregåande skulane i landet gjer det same. 

Dei startar klokka fem om ettermiddagen, og skal innom over alt både i Øvre Årdal og på Årdalstangen. Dei er 70 russ til saman, og skal gå to og to i hop. 

– Me håpar at folk vil opna dørene og ta godt i mot oss når me kjem, seier aksjonsleiar Rise.  

Heile russen i Årdal er med på aksjonen, altso alle elevane som er inne i det siste skuleåret på den vidaregåande skulen. 

Årets krafttak er for dei som har overlevt

Dei fleste som får kreft her til lands i dag, overlever. Det er omlag 32 000 personar i Noreg som får kreft kvart år, og omlag to av tre overlever. 

– Pengane me skal samla inn kjem til å gå til dei som har overlevt kreften. Eit redda liv skal òg levast, seier Rise.

Mellom anna er det snakk om å få på plass og styrka tilbod som kan gjera kvardagen lettare for dei som lever med seinskadar. Nokre av pengane vil gå til forsking på førebygging og behandling av seinskadar, andre til utvikling av helseteknologi som skal koma dei som har vore råka av kreft til gode.  

SER FRAM TIL KRAFTTAKET: Jon Atle Rise ser fram til å samla inn pengar til kreftsaka saman med dei andre russane i Årdal torsdags kveld. Dei innsamla midlane skal gå til å letta kvardagen for dei som har vore råka av kreftsjukdom. 

Rise seier at aksjonen gjeld både dei som har vortne lækte frå kreften, og dei som får ein type som er ulækjeleg men som kan leva med sjukdomen.  

– For mange vert det seinskader, og livet vert ikkje heilt det same som før kreften kom, seier han. 

Desse seinskadene og biverknadane frå behandlinga kan dukka opp fleire år etter at ein vart kreftsjuk. Rise seier at heile ein av tre av dei som overlever kreft får seinskader. Dei kan vara ved heile livet, eller kortare periodar. 

– Det kan til dømes vera at dei får dårleg hugs og konsentrasjonsevne, eller opplever svevnløyse eller angst. Eller det kan vera snakk om redusert evne til seksualitet og til å få born, seier Rise. 

Kan vera noko som ein ikkje alltid torer å snakka om 

Jon Atle Rise seier at det å ha det vanskeleg etter at ein har fått kreft kan vera litt tabubelagt. 

– For somme som opplever helseplager etterpå, kan det opplevast som problematisk å snakka om det, sidan dei på eit vis har fått livet i gåve, seier han. 

Dei kan kjenna på ei forventning frå samfunnet om at ein skal vera glad for at ein overlevde. Men det kan vera vanskeleg om ein er heilt utmatta av behandlinga. Og det har russen i Årdal søkjelyset på i år. 

Til toppen