Sogndal: – Det var stemningsfullt. Veldig rørande og høgtidleg. Eg måtte felle ei tåre, seier Anders Wilson Jarnung.

Han var ein av dei som kom på konsert i Stedje kyrkje måndagskveld med den russiske organisten Daniel Zetsky.
– Eg har vore på konsert i St. Petersburg med litt liknande musikk. Så når eg vart invitert med på konsert her i Sogndal, måtte eg reisa for å oppleva dette, seier han.
Les òg: Den franske organisten Oliver Latry kom til Sogndal for å innvie det nye orgelet
God atmosfære
Daniel Zaretsky er ein annerkjend organist og har turnert rundt i heile verda, blant anna Noreg òg, men i Sogndal har han aldri vore før.
– Det er veldig fint her. Eg hadde ein konsert i Bergen, og organisten der kjende til organisten dykkar. Og då spurte dei på om eg ville ha ein konsert her òg. Og det ville eg sjølvsagt, seier Zaretsky.
Og sjølv etter å ha turnert rundt i heile verda, var ikkje det vesle publikummet i Stedje kyrkje noko nedtur.
– Størrelsen på publikum har ingenting å seie. Det var eit veldig fint publikum. Veldig god atmosfære, seier Zaretsky.

Les òg: Den nederlandske orgelbyggaren har laga orgel i 40 år, men aldri eit så stort som i Stedje kyrkje
Spesielt interesserte
– Vi selde 60 billettar i kveld. Og eg trur det er ein del folk som ikkje pleie å komme på dei andre konsertane her. Eg trur det var litt fleire som var spesielt interessert i orgelmusikk, seier Magni Bukholm, som sit i administrasjon i Stedje kyrkje.
Ho håpar at dei kan ha fleire konsertar no som dei har fått eit nytt orgel.

Ein i publikum var organist Anders Brekke. Han er frå Vik i Sogn, og har gått på musikkonservatoriet i Trondheim, der han har studert utøvande musikk og er nyleg utdanna kantor.
– Utruleg moro at organistar av slikt kaliber kjem til Sogn! Zaretsky held på denne turnéen konsert i landets 4 største byar, så at han legg turen innom Sogn er veldig stas, seier Brekke.
I fjor hadde den franske organisten Olivier Latry konsert i Stedje kyrkje. Brekke seier Zaretsky og Latry er rekna for å vere dei dyktigaste organistane i Russland og Frankrike.
– Etter at det vart brukt ein del midlar på å restaurere orgelet i Stedje-kyrkja er det jo kjekt å sjå at det no lokkar til seg verdenstoppen innan orgelspel. At dei tek turen gjer kanskje at endå fleire konsertorganistar vil komme til Sogn, seier han.
Brekke har sjølv fått ha konsert på det nye orgelet i kyrkja då han tidlegare i vår hadde generalprøve på eksamenskonserten sin, før konserten som var i sjølve Nidarsdomen.
– Det nyrestaurerte orgelet kling utruleg fint og når ein kan få oppleve slike kulturopplevingar i heimelege trakter er det berre å setje seg ned å nyte musikken så lenge det varer, seier han.
Bra konserttilbod
Ein anna som tok seg turen var presten Vegard Bondevik Lie.

– Eg hadde ikkje høyrt om han på førehand, men eg ville reise på konsert for å oppleve flott musikk, seier Bondevik Lie.
Han får ikkje så ofte tid til å reise på konsert, men synes konserttilbodet i Sogndal er bra nok med tanke på størrelsen. Og han var fornøyd med konserten.
– Det var ein veldig flott konsert! Flott musikk, seier Bondevik Lie.