BRAUT KVILETIDA: Dei to sjåførane ombord i den russiske turbussen hadde begge brot på køyre- og kviletida og vart melde til politiet.
BRAUT KVILETIDA: Dei to sjåførane ombord i den russiske turbussen hadde begge brot på køyre- og kviletida og vart melde til politiet. (Bilde: Arkiv)

Russisk turbuss stogga ikkje for kontroll, vart innhenta av Vegvesenet

Hadde fjuska med fartsskrivaren og sjåførkorta, ifølgje Vegvesenet.

Lærdal: Ein russisk turbuss unnlat å stogga for kontroll på Håbakken, tysdag, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

Då bussen vart innhenta av Vegvesenet, kom det fram at det var to sjåførar ombord.

Dei vart begge melde til politiet for grove brot på køyre- og kviletida, då dei hadde litt over fem timar døgnkvile. 

Vegvesenet: – Trasig for passasjerane

Vegvesenet skriv at dei oppdaga at førarane hadde køyrt i mange timar utan kort i fartsskrivaren, for å prøva å få det til å sjå ut som at det var kviler på sjåførkora deira. 

– Kontrollen og fjusket til førarane gjorde at turfølgjet ikkje fekk oppleva det dei hadde kome for. Dette er trasig for passasjerane men me vonar at det gjev busselskapa som driv på ein slik useriøse måte store kostnadar og utestenging frå turbusstrafikken, skriv Vegvesent i pressemeldinga. 

Til toppen